Foto av tre unge jenter som sit i ei trapp, med teglsteinsveggar bak. Ho som sit fremst held eit diplom der det står Årets turbokommune 2019.
Foto av tre unge jenter som sit i ei trapp, med teglsteinsveggar bak. Ho som sit fremst held eit diplom der det står Årets turbokommune 2019.

Marta Fonnes Larsen tok imot prisen på vegne av Gulen kommune. Her er ho flankert av Frida Bjørnereim og Rakel Sørhaug i Ungdommens ressursgruppe. (Foto: Stine Granly, UKM Media)

Turboprisen 2019 til Gulen kommune

Gulen kommune får i år den nasjonale Turboprisen for arbeidet sitt med UKM. Kommune har hatt auke i deltakartalet på lokalmønstringa si kvart år sidan 2015.

Prisen er på 5000 kroner, som skal nyttast til vidare arbeid med UKM (Ung kultur møtest). UKM Noreg deler ut prisen for å motivere til auka innsats i rekrutteringsarbeidet i kommunane, og for å gjere stas på dei som har gjort noko ekstra det siste året.

Målretta arbeid over fleire år

Marta Fonnes Larsen tok imot prisen på vegne av Gulen kommune på UKM-festivalen i Nordfjordhallen laurdag kveld. Ho er medlem av ungdomsrådet i kommunen og har vore med å jobba med UKM lokalt. Under UKM-festivalen deltek ho som arrangør.

Mange kommunar slit med å halde deltakartalet oppe på UKM. Gulen kommune har i fleire år arrangert workshops i forkant av lokalmønstringa si for å motivere ungdommane i kommunen til å melde seg på. Workshopane har vore spesielt retta mot uttrykk og aktivitetar ein har hatt lite av på mønstringa tidlegare. Det har resultert i at deltakartalet har gått opp år for år, og talet på sceneinnslag var i 2019 dobla i høve tidlegare år.

Ungdom er med som arrangørar

Gulen kommune har også satsa på ungdommane som arrangørar og har kurs i dette. I 2019 var ungdommar med på både å planlegge og gjennomføre lokalmønstringa. Dei hadde ansvar for alt frå å rigge, vere konferansierar, lage mat til arrangørar og deltakarar og rydde etter arrangementet. Ungdomsrådet har hatt stand der dei har informert om UKM og hjelpt til med påmeldingar.

Å legge til rette for deltaking med hjelp av stimuleringsmidlar frå UKM Norge har vore nøkkelen til suksess for kommunen.

For meir informasjon

Vivian Våge
leiar frivilligsentralen, Gulen kommune
vivian.vage@gulen.kommune.no
926 22 607

Eva Kristin Svidal
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Eva.Kristin.Svidal@sfj.no
911 69 693

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut