Foto frå tildelinga av Turboprisen 2017 til kommunane Sogndal, Leikanger og Luster. I midten står Hilde Breiskalbakken, som tok imot prisen. Ho er flankert av Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen og Jenny Hatlelid Holsæter, som leiar Ungdommens ressursgruppe.
Foto frå tildelinga av Turboprisen 2017 til kommunane Sogndal, Leikanger og Luster. I midten står Hilde Breiskalbakken, som tok imot prisen. Ho er flankert av Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen og Jenny Hatlelid Holsæter, som leiar Ungdommens ressursgruppe.

Ungdomsarbeidar i Sogndal kommune, Hilde Breiskalbakken, tok imot prisen på vegne av dei tre kommunane. Her er ho saman med fylkeskontakt for UKM, Eva Kristin Svidal, og leiar for Ungdommens ressursgruppe, Jenny Hatlelid Holsæter. (Foto: UKM Media/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Turboprisen 2017 til Sogndal, Leikanger og Luster

UKM Norge deler i år ut Turboprisen til Sogndal, Leikanger og Luster for det gode arbeidet dei gjorde då dei arrangerte felles UKM-mønstring i februar.

Prisen er på 5000 kr og skal nyttast til vidare arbeid med UKM (Ung kultur møtest). UKM Norge deler ut prisen for å motivere til auka innsats i rekrutteringsarbeidet i kommunane, og for å gjere stas på dei som har gjort noko ekstra siste året.

Stor auke i deltakartal

Ungdomsarbeidar Hilde Breiskalbakken i Sogndal kommune tok imot prisen på vegne av dei tre kommunane under framsyning 2 laurdag kveld på UKM-festivalen i Høyanger. Ho takka alle ungdommane som engasjerer seg, er med og arrangerer og deltar på UKM.

Sogndal, Leikanger og Luster hadde den einaste fellesmønstringa i fylket med auka deltakartal frå alle kommunane samanlikna med 2016. Dei hadde til saman 66 fleire deltakarar i år enn i fjor.

Ungdomar i alle ledd

Ungdomsmedverknad var viktig både i planlegginga og gjennomføringa av fellesmønstringa. Ungdomsråda i dei tre kommunane fekk ansvar for å samle ungdommar som hadde lyst til vere med som unge arrangørar.

Arrangørgruppa hadde møte og diskuterte kva dei hadde lyst til å gjere saman med vaksne arrangørar. Dei møttest også ein kveld berre for å blir kjende og ha det kjekt i lag som gruppe. Gjennom dette fekk ungdommane stort eigarskap til mønstringa noko som gjorde det kjekt å vere med.

Jobba med rekruttering

Arrangørgruppa var også ute på alle skulane i kommunane for å informere om UKM. Dei snakka med andre ungdommar og prøvde å få så mange som mogleg til å bli med. Kvelden før mønstringa arrangerte dei ein sosial kveld for både deltakarar og andre. Der kunne deltakarane også kome for å øve om ein ønskte det.

Mønstringa hadde brei deltaking, og kommunane har også sendt vidare deltakarar til alle områda av UKM-festivalen Sogn og Fjordane: utstilling, scene, unge arrangørar, konferansierar og til UKM Media.

For meir informasjon

Hilde Breiskalbakken
ungdomsarbeider
Sogndal kommune
hilde.breiskalbakken@sogndal.kommune.no
951 05 625

Eva Kristin Svidal
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00