Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
post@sfj.no
Foto: Rolf M. Sørensen
Tunnel
Det er om lag 140 fylkesvegtunnelar i Sogn og Fjordane. Det er registrert eit behov på om lag 2,6 mrd. kr for å fjerne forfall og gjere nødvendig oppgradering på desse tunnelane.
Det er store utfordringar med forfall på fylkesvegnettet. Utfordringane kan beskrivas slik:
- Tunnelinspeksjonar og tilsyn med elektroanlegg avdekker dårleg teknisk tilstand i mange tunnelar.
- Teknisk utstyr vert svekka av miljø og alder.
- Det lokale el-tilsynet har fullmakt til å stenge av elektriske anlegg dersom tilstanden er vurdert som risikofylt, eller pålegg ikkje vert fylgt opp av anleggseigar.
Tunneltryggleiksforskrift
I januar 2015 tok tunneltryggleiksforskrift for fylkesvegtunnelar til å gjelde. Føremålet med forskrifta er å sikre eit lågast tillatne tryggleiksnivå for trafikkantar i tunnelar. Forskrifta stiller krav om å førebygge kritiske hendingar som kan sette menneskeliv, miljø og tunnelanlegg i fare og til å sørgje for vern i tilfelle ulukker.
Forskrifta gjeld på fylkesveg for
- tunnelar som er i bruk
- tunnelar under bygging
- tunnelar under prosjektering
Forskrifta gjeld for tunnelar som
- er 500 meter eller lengre
- har ein gjennomsnittleg årsdøgertrafikk (ÅDT) på 300 køyretøy eller meir
Krav til tunnelar som er i bruk
For eksisterande tunnelar som ikkje oppfyller krava i forskrifta, skal fylkeskommunen utarbeide ein plan for tilpassing av tunnelane til forskrifta. Fylkeskommunen er i ferd med å utarbeide ein plan for rehabilitering av eksisterande fylkesvegtunnelar etter krava i forskrifta. Planarbeidet vert utført av Statens vegvesen og skal vere ferdig i løpet 2015.
Rehabilitering av tunnelar for å oppfylle krava til tryggleiksnivå i forskrifta, skal vere fullført innan 1.1.2020. Fylkeskommunar med mange tunnelar kan søke om forlenga frist med inntil fem år.
Fylkesdirektør

Dina Lefdal
dina.lefdal@sfj.no
957 00 813