Trygge eldre

Sogn og Fjordane fylkeskommune delteke både i det nasjonale, regionale og lokale arbeidet i ”Nasjonal aksjon for eldresikkerhet”, som starta etter initiativ frå Skadeforebyggende forum. Vi deltek både i aksjonsrådet og i styringsgruppa nasjonalt, og har med dette lagt premissar og ressursar inn i å utvikle eit landsdekkande arbeid for å redusere ulykker for eldre.

I Sogn og Fjordane har vi starta eit prøveprosjekt innanfor denne aksjonen i samarbeid med tre kommunar, der målet er å redusere ulykker, og spesielt fallulykker, for eldre over 65 år. På regionalt nivå har vi matt møter med kommunar og frivillige organisasjonar for å få dei til å starte tiltak lokalt.

Prosjektet vert gjennomført med delfinansiering frå forsikringsselskapet Gjensidige Nor, og med aktiv innsats frå frivillige organisasjonar både på regionalt og kommunalt nivå. Det er etablert eigne arbeidsutval for aksjonen i kommunane Årdal og Høyanger som er ein del av desse kommunane sitt Trygge lokalsamfunn-arbeid. Eksempel på tiltak i regi av organisasjonane er turgrupper, dans, utvikle brosjyremateriell, heimebesøk, utlevering og påfylling av sand, stavgang, sikring av ulukkesområde, helsestasjon for eldre, aksjonar m.m.

Les meir om den nasjonale aksjonen her

Brosjyren "Trygge eldre"

Kontaktperson i Regionalavdelinga:

Emma Bjørnsen

Tlf.: 578 25024, mobil 95 81 98 41

Adr.: Postboks 173, 6801 Førde

E-post:emma.bjornsen@sf-f.kommune.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette