Logoane til NRK, Norges idrettsforbund og Teaterfestivalen i Fjaler
Logoane til NRK, Norges idrettsforbund og Teaterfestivalen i Fjaler

NRK, Norges idrettsforbund og Teaterfestivalen i Fjaler

Tre kandidatar innstilt til fylkeskulturprisen

Hovudutval for næring og kultur avgjer 20. november kven som får fylkeskulturprisen for 2018. Innstillingsnemnda har no innstilt tre kandidatar.

Det kom inn totalt 25 forslag til kandidatar frå innbyggjarane. Ei innstillingsnemnd med medlemmar frå hovudutvalet har vurdert alle forslaga. Nemnda har også drøfta kandidatar som har vore føreslått tidlegare år og eigne forslag.

Det står no att tre kandidatar som hovudkomiteen kan velje mellom:

  • Idretten i Sogn og Fjordane v/Sogn og Fjordane idrettskrins for alt frivillig arbeid som blir lagt ned og betydinga dette har for fylket.
  • Teaterfestivalen i Fjaler for å presentere scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet med relevans for både bygda og teatermiljøet i Norge. Teaterfestivalen har auka mangfaldet av teatertilbod i Sogn og Fjordane.
  • NRK Sogn og Fjordane for å ha vore med å bygge ein felles identitet knytt til fylket som kulturelt- og geografisk område, for formidling av nynorsk språk og identitet og for engasjement for lokal musikk og lokale artistar.

Prisen vert delt ut på fylkestinget i desember.

Sjå alle forslaga som kom inn.

Saksliste for møtet i hovudutvalet for næring og kultur 20. november.

Del dette:

Kontakt

Torbjørn Vereide
innstillingsnemnda
torbjorn.vereide@sfj.no
908 32 717

Anne K. Lilleaasen
innstillingsnemnda
anne.kristin.lilleaasen@sfj.no
480 80 022

Erlend Haugen Herstad
innstillingsnemnda
erlend.haugen.herstad@sfj.no
916 44 740

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00