Foto av seks bussar med Kringom-utforming, som står parkerte utanfor Operahuset og den vidaregåande skulen på Eid.
Foto av seks bussar med Kringom-utforming, som står parkerte utanfor Operahuset og den vidaregåande skulen på Eid.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Samfunnet sitt behov for transport

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein viktig regional utviklingsaktør som skal legge til rette for berekraftig vekst, livskvalitet og folkehelse. Utvikling av samfunnet heng tett saman med eit effektivt, trygt og klimavenleg transportsystem som er tilgjengeleg for alle. 

I grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan 2018 - 2029 føreslår transportetatane følgjande overordna mål for transportpolitikken: «et transportsystem som er sikkert, fremmer verdiskaping og bidrar til omstilling til lavutslippssamfunnet». 

Infrastrukturen skal fremje ressursutnytting og sikre effektiv framkome for gods- og persontrafikken i fylket. Gode transporttilbod er nødvendig for å oppfylle sentrale mål for regionen, for å utvikle næringslivet og bidra til ei generell betring av livskvalitet for menneske i Sogn og Fjordane. 

Utfordringar

Sogn og Fjordane har mange og samansette utfordringar innan samferdsla. Fylket har ein krevjande topografi og mange kommunar har relativt lågt innbyggjartal. Ulike delar av samfunnet må ta stilling til ulike utfordringsbilete ved bruk av infrastrukturen i fylket. Det er likevel nokre utfordringar som i vesentleg grad er generelle, og som krev eit overordna fokus i arbeidet med utbetring av transportsystemet i åra som kjem:

Avstandsulemper

Store geografiske avstandar mellom regionar, tettstader og bygdelag. Naturgitte høve gjer at vegtransporten i fylket er prega av barrierar som gir tidsbruk og kostnader som langt overstig det ein finn dei fleste andre stader i landet.

Framkome og regularitet

Sogn og Fjordane er eit fylke med busetjing og næringsliv lokalisert langt frå sentrale ferdselsårer og bysentrum. Store delar av vegnettet kan vere prega av låg pålitelegheit grunna skred, fare for skred eller flaum. Mange flaskehalsar og stort forfall kan gjer at fylkesvegnettet blir vurdert som lite påliteleg. Framkome og regularitet er også påverka av ferjetilbodet i fylket.   

Tryggleik

Etterslepet på fylkesvegnettet er ei utfordring. Skred representerer risiko for menneske og vegnett. I tillegg kan skred som blokkerer ferdselsårer få store konsekvensar ved naudsituasjonar samt økonomiske konsekvensar for næringslivet. Forutan tryggleiken til sjåførar og gods kan vegstengingar føre til økonomiske konsekvensar for næringslivet. 

Pendling og tilgang på arbeidskraft

Både privat næringsliv og det offentlege er avhengig av kvalifisert arbeidskraft og spesialkompetanse. Viss ein kan reise lenger innanfor rimeleg tid vil ein ha fleire jobbar å velje mellom som vil gi personar og familiar meir valmoglegheiter ved val av buplass. Mykje tyder på at behovet for attraktive og meir robuste BAS-områder vil auke i åra framover.

Det er derimot kostbart å etablere gode pendlartilbod og det tek tid å endre reise- og pendlingsvaner. Vi må arbeide for eit vegnett og eit kollektivtilbod som gir flest mogleg høve til kortast mogleg reisetid til sitt næraste regionsenter.

Tilstrekkeleg fiber-utbygging

Er både eit tiltak for effektiv drift av verksemder innan privat og offentleg sektor, og eit tiltak for klimagassutslepp. Naudsynt i lys av IKT-satsinga som skal syte for mindreforbruk av papir samt at det er viktig at breibandet har god driftstryggleik og oppetid i beredskapssituasjonar.

Det har vorte bygd ut fiber med høg hastigheit i store delar av fylket dei siste fire åra, så utviklinga på feltet er positiv. Likevel er det framleis ei stor gruppe som har breiband med låg kapasitet (om lag 20 %). I strategien for breiband i Sogn og Fjordane 2016–2020 er målsettinga at alle bedrifter og innbyggjarar i fylket skal ha tilgang til-, eller ha prosjekt for å etablere neste generasjon breiband innan 2020.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00