Foto frå utdelinga av trafikktryggingsprisen 2019.
Foto frå utdelinga av trafikktryggingsprisen 2019.

Audun Heggestad tok imot trafikktryggingsprisen under fylkestinget i Loen 8. oktober.

Trafikktryggingsprisen 2019 til Audun Heggestad

Gjennom arbeidet sitt i Trygg Trafikk har Audun Heggestad i ei årrekkje jobba for at folk skal ferdast trygt i trafikken i Sogn og Fjordane.  

Heggestad tok imot prisen under fylkestingsmøtet i Loen 8. oktober. Trafikktryggingsprisen 2019 er ein sjekk på 25 000 kr, samt diplom og blomster.

Aktiv og synleg

Leiar av fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) Noralv Distad viste til at Heggestad har gjort ein stor innsats i trafikktryggingsarbeidet i Sogn og Fjordane gjennom mange år. Gjennom arbeidet sitt i Trygg Trafikk har han vore synleg, tydeleg og aktiv for å fremje arbeidet med trafikktrygging, særleg mot skular og barnehagar.

Audun Heggestad har arbeidd med trafikktrygging ved å vere til stades for og møte folk på ein positiv måte. Han har hatt ei praktisk tilnærming blant anna ved utdeling av effektar knytt til trafikktrygging, og visualisering av situasjonar som kan oppstå.

Overraskande, men kjekt

Heggestad har vore aktiv i media både i det generelle trafikktyggingsarbeidet og i meir dagsaktuelle saker som går på trafikktrygging. I sum har dette påverka innbyggjarane i Sogn og Fjordane til å tenke trafikktryggleik på ein positiv måte.

– Å få trafikktryggingsprisen er både uventa og overraskande, og ikkje minst veldig kjekt seier Audun Heggestad.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no