Tore Eriksen vert tilrådd som ny fylkesrådmann

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes rår til at Tore Eriksen vert tilsett som ny fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eriksen er i dag rådmann i Luster kommune. Konsulentbyrået Mercuri Urval har hatt samtalar med 15 potensielle kandidatar i tilsetjingsprosessen.

Tore Eriksen er 56 år, fødd i Bergen og busett i Leikanger. Han har vore rådmann i Luster kommune sidan juni 2005. Eriksen er gift og har to vaksne barn. Han er utdanna i ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøyskole og har vidareutdanning innan samfunnsplanlegging og leiarutvikling.

Eriksen har tidlegare vore tilsett i fylkeskommunen som fylkesplanleggjar, informasjonskonsulent, spesialkonsulent, kontorsjef/nestleiar og økonomisjef.

Tore Eriksen er einaste søkjar til stillinga som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane. Du kan lese meir om tilsetjingsprosessen i saksframlegget frå fylkesordføraren.

Fylkesutvalet skal handsame tilrådinga frå fylkesordføraren 12. desember. Fylkestinget gjer vedtak under tingsamlinga som startar dagen etter. Fylkesrådmann Jan Øhlckers avsluttar sitt åremål 1. mars 2012.

For meir informasjon, ta kontakt med
Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker