Tor-Einar Holvik Skinlo er ny assisterande fylkesdirektør for opplæring

​Fylkesrådmannen har tilsett Tor-Einar Holvik Skinlo (30) som ny assisterande fylkesdirektør for opplæring. Skinlo har tidlegare arbeidd som rådgjevar og prosjektleiar for arbeidet med skulebruksplanen i fylkeskommunen.

Skinlo har ein mastergrad i statsvitskap frå Universitet i Bergen, praktisk-pedagogisk utdanning frå same institusjon og vidare studiar i leiing av pedagogisk verksemd frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. I tillegg til stillingane i fylkeskommunen, har han også erfaring som blant anna universitetslektor ved Universitetet i Bergen.

Han tek over etter Per Jørgen Loen, som etter eige ønskje går inn i ei ledig teamleiarstilling for fag- og vaksenopplæring.

Det melde seg åtte søkjarar til den ledige stillinga som assisterande fylkesdirektør. Skinlo tek til i den nye stillinga etter nærare avtale, truleg ca. 1. september.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00