Foto frå utdeling av fylkeskulturprisen 2019 til Ann Lundekvam og Bjørg Hovland
Foto frå utdeling av fylkeskulturprisen 2019 til Ann Lundekvam og Bjørg Hovland

Både Ann Lundekvam (t.v.) og Bjørg Hovland tok imot fylkeskulturprisen iført flotte, rekonstruerte folkedrakter frå ulike stadar i fylket.

Tok imot den siste fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane

Ann Lundekvam og Bjørg Hovland tok imot fylkeskulturprisen under fylkestinget 10. desember. Dei får prisen for arbeidet sitt med drakt- og bunadstradisjonar i fylket.

Både Lundekvam frå Gaular og Hovland frå Luster har gjort eit stort arbeid med å ta vare på og føre vidare kunnskap om drakt- og bunadstradisjonar i Sogn og Fjordane. Dei har bidrege til mangfald i kulturlivet ved å vise fram drakter og bunadar og motivere folk til å bruke dei.

Dei to prisvinnarane får 30 000 kroner kvar, diplom og blomster.

Bind saman generasjonar

– Både Ann og Bjørg er damer med eit stort engasjement for det lokale kulturlivet. Vi snakkar ofte om at kultur er limet i samfunnet. Eg tenkjer at desse damene er gode døme her. Dei bind saman generasjonar og aktivitetar og skapar samhald, dei formidlar verdien i tradisjonar og legg grunn for vidareføring, utvikling og nyskaping. For tradisjonane vert alltid omskapte, sa leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter då ho delte ut prisen.

Dei to kvinnene har kombinert praktisk kunnskap om handverk og tradisjon med god teoretisk innsikt i kulturhistoria og samfunnsutviklinga. Dei har gjort ein stor jobb med å gjere oss kjende med ein viktig del av historia vår, historia om korleis folk har kledd seg til kvardags og fest. Dei har også lært opp yngre generasjonar i eit handverk som er på veg ut.

Takka for at arbeidet blir sett pris på

Fylkesordførar Jenny Følling stod for sjølve overrekkinga av prisane til dei to kvinnene, som møtte opp, som seg hør og bør, i bunad.

– Eg vil seie hjarteleg tusen takk for at det vi driv med blir sett pris på! Det er ikkje så ofte arbeidet vi kvinnfolk gjer blir sett, det blir enten oppete eller utslete, sa Bjørg Hovland då ho tok i mot prisen.

Ho takka også den andre prismottakaren Ann Lundekvam for samarbeidet.

– Tusen takk for prisen, eg vart veldig overraska då beskjeden kom. Eg kom inn i arbeidet med folkedrakter gjennom Sunnfjord ungdomslag, det var der dette drakteventyret starta. Sidan vart det Sogn og Fjordane ungdomslag, som har teke arbeidet vidare. Eg vil takke alle organisasjonane og musea som har støtta arbeidet, sa Ann Lundekvam til fylkestinget.


Foto frå utdeling av fylkeskulturprisen 2019 til Ann Lundekvam og Bjørg Hovland

Nasjonal innsats

Begge prisvinnarane har gitt ut og bidrege til bøker om bunadar og folkedrakter. Dei har vore viktige bidragsytarar i bunadsarbeidet til organisasjonar som bygdekvinnelag og husflidslag. Og dei har også vore viktige samarbeidspartar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

– Arbeidet til Lundekvam og Hovland handlar både om å bygge eigen kunnskap og ikkje minst å overføre kunnskapen til nye generasjonar. Arbeidet er lokalt, basert på lokale tradisjonar. Innsatsen deira er nasjonalt og internasjonalt relevant, slår Karen Marie Hjelmeseter fast.

Til saman 50 prisvinnarar

Lundekvam og Hovland er dei to siste som får fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. Til saman har 50 enkeltpersonar, grupper og organisasjonar frå heile fylket fått prisen, som første gong gjekk til folkesongaren Ragnar Vigdal frå Luster i 1980.

Her kan du lese heile talen Karen Marie Hjelmeseter heldt til dei to siste prisvinnarane.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00