Tobakksbruk og arbeidsgivar sin styringsrett

Fylkeskommunen har bedt KS Advokatene utgreie kor langt arbeidsgivar sin styringsrett går ved innføring av forbod mot tobakksbruk i arbeidstida. KS Advokatene har no i brev dags. 8.3.10 gitt ei grundig utgreiing om dette.

Det vert konkludert med at arbeidsgivar i stor grad kan forby tobakksbruk i arbeidstida i medhald av styringsretten, men at det ikkje kan vedtakast eit generelt forbod mot tobakksbruk som gjeld i heile arbeidstida utan omsyn til kor arbeidstakaren oppheld seg.

Dette vil vere tilfelle ved opphald utanfor tenestestaden, t.d. ved kurs og møte, ved bruk av eigen bil i arbeidet og i ubetalt matpause utanfor arbeidsgivaren sin eigedom. Utgreiinga stadfester den oppfatninga fylkeskommunen hittil har lagt til grunn om.

Les heile brevet til KS her

Del dette:

Relaterte lenker