Tobakk som tema ved helsekonsultasjonar

Regjeringa har i vår lagt fram ein ny nasjonal strategi for å førebyggje bruk av tobakk. I samband med dette oppmodar fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane helsepersonell til å ta opp temaet tobakk ved helsekonsultasjonar.

Målet og visjonen til regjeringa er eit samfunn utan tobakk, der færre vert ramma av helseskader som kjem av tobakksbruk. Eitt av tiltaka får å nå dette målet, er å ta tobakksbruk opp som tema ved konsultasjonar. Dei som bruker tobakk skal systematisk verte spurde om tobakksvanar av helsepersonell og få tilbod om hjelp til å slutte.

Minimal intervensjon

Fylkesmannen har saman med direktøren for den offentlege tannhelsetenesta sendt ut eit skriv for å oppmode til slik minimal intervensjon. Pasientane skal som hovudregel få tre enkle spørsmål, og svara bør følgjast opp:

1. Røykjer/snusar du?
2. Kan du tenkje deg å slutte?
3. Eg vil anbefale deg å slutte, og eg kan hjelpe deg.

Dei siste 15 åra er del daglegrøykarar i Noreg halvert. I 2011 sa 17 prosent av den vaksne befolkninga at dei røykjer dagleg. Ei godt nyhende er at røyking fell like raskt i alle sosiale grupper av befolkninga. Likevel er målet om å redusere røyking blant gravide ikkje nådd. Styresmaktene er også uroa over auka bruk av snus, særleg blant ungdom.

Brev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Tobakksførebyggande arbeid og minimal intervensjon som ein del av helsefremmande og førebyggande arbeid

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Clara Øberg, konstituert fylkesdirektør for tannhelse, passbilete

Clara Øberg

Direktør for tannhelsetenesta

clara.oberg@sfj.no
415 30 713

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no