Ungdom som betalar for seg på buss
Ungdom som betalar for seg på buss

Foto: Photoevent/Kringom

To nye bussavgangar til hausten

Frå skulestart set fylkeskommunen opp nye bussavgangar frå Dale og Sandane etter skuletid.

Avgangane er tilpassa ungdom, og gjer det mogleg å delta på fritidsaktivitetar og liknande før ein reiser heim etter skulen.

Frå Sandane er det sett opp ny avgang kl. 18.30 til Byrkjelo på kvardagar i skuleåret. Frå Dale er sett opp ein ny avgang på torsdag ettermiddag i skuleåret, slik at elevar kan kome seg til Hyllestad etter open skule på Dale vidaregåande.

Oppretta etter innspel

– Det er veldig viktig at bussrutene samsvarar med ungdomane sine ønske og behov. Eg vonar desse nye tilboda vert til stor glede og nytte, seier leiar for hovudutval for samferdsle, Noralv Distad (H).

Begge avgangane er vedtekne oppretta gjennom rutekjøpssaka, der kommunane kom med innspel om å opprette avgangane som eit tiltak retta mot ungdom.

Oppstart veke 34

Avgangane er opne for alle og vert starta opp i veke 34.

Den nye avgangen frå Sandane til Byrkjelo startar opp 19. august, og vil gå kvardagar med unntak av sommarferien.

Den nye avgangen frå Dale til Hyllestad startar opp torsdag 22. august. Med den nye avgangen kan reisande til Hyllestad reise frå Førde kl. 16.20 eller Dale kl. 17.20 og vere framme i Hyllestad kl. 18.25. Reisande til Hyllestad må bytte buss i Flekke kl. 17.30, før bussen går vidare til Hellevik med ankomst kl. 17.55, Salbu kl. 18.10 og Hyllestad kl. 18.25.

Rutesøk og rutetabellar er oppdaterte på Kringom.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Noralv Distad
​leiar, hovudutval for samferdsle
Noralv.Distad@sfj.no
959 84 638

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no