Foto av Hennebygda samfunnshus i Eid kommune. Bygget er raudt, og det står tre bilar parkerte framføre.
Foto av Hennebygda samfunnshus i Eid kommune. Bygget er raudt, og det står tre bilar parkerte framføre.

Hennebygda samfunnshus i Eid kommune fekk 103 000 kr i tilskot gjennom tilskot til lokale kulturbygg i 2015. Midlane gjekk til rehabilitering og ENØK-tiltak, i hovudsak skifte av vindauge og elektrisk anlegg. (Foto: Huset i bygda.)

To millionar til lokale kulturbygg

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Huset i Bygda og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samarbeider om utvikling av kulturbygg og lyser no ut til saman to millionar kroner.

Det er over 400 kulturbygg i Sogn og Fjordane. Mange ropar etter oppussing og modernisering, har trekkfulle vindauge og dårlege tak. Det kostar mykje pengar å oppgradere, og det krev stor dugnadsinnsats frå både eigarane og lokalsamfunna.

Viktige møteplassar

Kulturbygga er viktige møteplassar og trivselsarenaer for alle generasjonar. Dei fleste bygga byrjar å dra på åra, og mange treng rehabilitering og ombygging. Universell tilrettelegging, samt ENØK-tiltak som utskifting av trekkfulle vindauge og gamle dører, isolering og nytt tak står høgt på ynskelista til mange bygg, seier Ingunn Nyheim.

Ho er prosjektleiar for Huset i Bygda, eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane Ungdomslag og har i mange år arbeidd for å styrke kulturbygga. Nyheim meiner eigarane av kulturbygga no må vere om seg og sikre seg midlar til å setje bygga i betre stand.

To søknadsordningar

Det finst nemleg moglegheiter – fylkeskommunen forvaltar ei statleg tilskotsordning med ein pott på ca. 1,5 millionar kroner, og Sparebankstiftinga har sett av 500 000 kroner til kulturbygg i år. Det betyr at det er to millionar kroner som skal fordelast på lokale kulturbygg i fylket i år.

– Den statlege tilskotsordninga gir tilskot til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering av kulturbygg. Lokale arenaer som til dømes grendahus, ungdomshus og forsamlingshus som inneheld kulturaktivitet  som dans, teater, musikk, kunstformidling, vert prioriterte, seier rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Guro Høyvik.

Bygningsmessige tiltak

Også Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kjenner til behova for midlar til kulturbygg. Kultursjef Pål Fidjestøl tok initiativ til eit tilskotsordning til bygningsmessige tiltak i 2016.

– Styret i Sparebankstiftinga står samla bak ei satsing på dei lokale kulturbygga og sette i fjor av ein pott på 500 000 kroner. Dette skapte stort engasjement. Vi fekk inn over 40 søknadar om til saman fem millionar kroner. Sju kulturbygg fekk til saman 500 000 kr til oppussing og modernisering. Ordninga var ein suksess, og vi vidarefører ho i 2017, fortel Fidjestøl.

Målet til Sparebankstiftinga er at bygningsmessige tiltak skal vere ein igangsetjar til spennande, allmennyttige prosjekt.

Søk!

Fylkeskommunen, Sparebankstiftinga og Huset i Bygda vil auke aktiviteten og verdiskapinga i lokale kulturbygg. Difor har dei funne saman og vil arbeide for utvikling og engasjement rundt bygga.

– Vi er svært glade for denne felles satsinga på dei små kulturbygga. No må eigarane av kulturbygga vere om seg og søkje. At viktige aktørar som fylkeskommunen og Sparebankstiftinga ser verdien av bygga og aktiviteten som skjer der, er svært gledeleg. Nokon kan ha nytte av å søkje på begge ordningane, eller dei kan søkje berre Sparebankstiftinga sine midlar til bygningsmessige tiltak. Men bodskapen er klar: SØK!, oppmodar Nyheim i Huset i Bygda.

To søknadsfristar

Dei som ynskjer å søkje Sparebankstiftinga om midlar til bygningsmessige tiltak, må merke seg datoen 15. april som søknadsfrist. Det vert lagt ut meir informasjon og eit eige søknadsskjema på heimesida til stiftinga i midten av mars.

Søknadsfristen til den statlege ordninga som fylkeskommunen forvaltar, varierer frå kommune til kommune, då denne ordninga går innunder spelemiddelordninga.

– Desse søknadane skal først til kommunen. Søknadsfristane varierer, men dei  fleste kommunane har søknadsfrist i månadsskiftet februar–mars. Eg oppmodar dei som ynskjer å søkje om å snarast ta kontakt med kommunen sin eller meg for å få meir informasjon om korleis dei skal gå fram, seier Guro Høyvik i fylkeskommunen.

Samordnar søknadane

Dei tre aktørane vil samordne handsaminga av søknadane i dei to ordningane. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Ingunn Nyheim, som avsluttar med denne beskjeden til eigarar av lokale kulturbygg:

– Vi oppmodar flest mogleg om å nytte seg av denne sjansen og søkje midlar til utvikling av kulturbygg. Vi håpar på mange, gode søknadar, slik at vi får synleggjort det store behovet for midlar til opprusting, rehabilitering og utvikling av lokale kulturbygg, avsluttar ho.

Meir informasjon

Kontaktpersonar

Ingunn Nyheim
Huset i bygda
974 03 699
husetibygda@ungdomslag.no

Guro Høyvik
Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 608
guro.hoyvik@sfj.no

Pål Fidjestøl
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
911 58 009
paal.fidjestol@sparebankstiftinga.no

Foto av Pål Fidjestøl og Kjell Sandnes ståande bak ein sofa der Ingunn Nyheim og Guro Høyvik sit.Bak frå venstre: Pål Fidjestøl (kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) og Kjell Sandnes (Administrerande direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane). Framme frå venstre Ingunn Nyheim (prosjektleiar Huset i Bygda) og Guro Høyvik (rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune). Fotograf: Inger Marie Lien.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00