Tilsette i streik

Lønsforhandlingane for kommunesektoren vart avslutta kl. 04.00 natt til torsdag 24. mai. Frå torsdag morgon er 15 tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune tekne ut i streik. Desse er organiserte i Fagforbundet.

Streikeuttaket omfattar enkelte tilsette i desse delane av fylkeskommunen:

  • Mo og Jølster vidaregåande skule
  • Stryn vidaregåande skule
  • Øyrane vidaregåande skule
  • Kulturavdelinga
  • Opplæringsavdelinga

Streiken får førebels ingen konsekvensar for elevane ved dei vidaregåande skulane.

Sentralbordet ved Stryn vidaregåande skule er ute av drift, kontaktinformasjon til tilsette på heimesida til skulen. Sentralbordfunksjonen i Storehagen Atrium i Førde har også redusert drift. Alle tilsette her har direkte mobilnummer.

Kontaktinformasjon til alle tilsette i fylkeskommunen

Meir om streiken i kommunesektoren på nettsidene til KS

For meir informasjon

Toril Einarsen
personalsjef
tlf. 41530607
e-post: toril.einarsen@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker