Tilrettelagt transport (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.
Det er ein intensjon om å prioritere personar med livslang forflyttingshemming.
TT-ordninga er i utgangspunktet eit tilbod om fritidsreiser, men kan nyttast til alle typar reiser med unntak av:
Dette er midlar frå Staten som skal gå til rullestolbrukarar og blinde/svaksynte. TT-ordninga er eit tilbod om fritidsreiser for denne gruppa.
Det er kommunen som godkjenner brukar og melder vidare til fylkeskommunen at denne brukar er rullestol- eller blind/svaksynt brukar. Brukar må få midlar lokalt for å få delta i den statlege ordninga.
Utvida TT-ordning har gult TT-kort med ei preging nede i høgre hjørnet som fortel kva kort det er. Det er ført på fakturaadresse nedst på kortet.
Kommunane godkjenner personar etter søknad på fastsett søknadsskjema.
Personar som er godkjende som TT-brukar i eit anna fylke, må søkje om ny brukargodkjenning ved flytting til Sogn og Fjordane.
Personar som er godkjende som TT-brukarar i Sogn og Fjordane, men som flyttar innad i fylket, treng ikkje å søkje på nytt. Brukaren må registrerast som brukar i sin nye heimkommune.
Kommunane blir oppmoda om å skipe ei godkjenningsnemnd for å avgjere søknader.
Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst eitt år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal leggjast til grunn, ikkje type funksjonshemming eller alder.
TT-ordninga er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad.
Brukarane vert prioritert på følgjande måte, jamfør retningslinene:
Ikkje skjønnsmessig vurdering, førsteprioritet:
Skjønnsmessig vurdering/prioritering:
Bebuarar på institusjonar kan få individuelle verdikort dersom dei tilfredstille krava til TT-kort. Det elektroniske kortet vert oppdatert automatisk når brukarane viser det fram ved reise.
Reisene skal primært skje i bustadkommunen til brukaren, men kan også finne stad i landet elles. Blir reisa bestilt hjå transportør utanfor Sogn og Fjordane, må den reisande forsikre seg om at transportøren aksepterer verdikort frå Sogn og Fjordane som betalingsmiddel.
I tilfelle der kortet ikkje kan brukast, må den reisande betale turen sjølv og få beløpet tilbakebetalt av heimkommunen/TTS. Det same skjer om kortet ikkje verkar i eigen kommune.