Illustrasjon av fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane.
Illustrasjon av fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane.

Tilrår ny region om det blir reform

Fylkesrådmannen rår fylkestinget til å søkje samanslåing med Hordaland dersom Stortinget vedtek ei faktisk regionreform, der dei reduserer tal fylke/regionar til om lag ti og styrkar regionnivået med nye oppgåver.

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane og fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland skreiv 17. januar under på ein intensjonsplan for samanslåing av dei to fylka. Det er opp til fylkestinga å avgjere om dei ønskjer å gå vidare med samanslåingsplanane eller ikkje.

Avhengig av vedtaket i Stortinget

Fylkestinget i Sogn og Fjordane handsamar saka torsdag 2. februar, og fylkestinget i nabofylket får saka på bordet dagen etter.

Fylkesrådmann Tore Eriksen har no lagt fram saka og tilrådinga si for politikarane. Tilrådinga er todelt, og avhengig av kva Stortinget vel å gjere i saka om regionreforma. Eriksen meiner uvissa som rår i saka, dannar grunnlag for å leggje fram ei slik todelt innstilling for fylkestinget.

Ny region om reell reform

Fylkesrådmannen er positiv til samanslåing med Hordaland frå 2020 dersom Stortinget vedtek ei reell, nasjonal regionreform. Det inneber at Stortinget må redusere tal fylke/regionar til om lag ti og i tillegg overføre viktige statlege oppgåver til regionalt, folkevalt nivå.

Fylkestinga i alle dagens 19 fylke gjorde før jul vedtak om regionreforma. Basert på desse vedtaka åleine ligg det an til at tal fylkeskommunar går ned til 17, då berre trøndelags- og agderfylka har vedteke å slå seg saman. Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal, Finnmark, Troms, Hedmark og Oppland har alle vedtak om å halde fram som sjølvstendige regionar. Dei fylkestinga som ønskjer samanslåing, har ikkje samanfallande ønske.

Kommunalminister Jan Tore Sanner har tidlegare ikkje utelukka at Stortinget kan kome til å bruke tvang for å slå saman fylke.

Alternativ å halde fram aleine

Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner Sogn og Fjordane bør halde fram som eige fylke dersom talet på fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje overfører viktige statlege oppgåver.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane handsamar saka onsdag 1. februar. Møtet startar kl. 16.00. Møtet i fylkestinget torsdag 2. februar startar kl. 13.00 og vert sendt direkte på nett.

Les heile den politiske saka her.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les meir om arbeidet med regionreforma i Sogn og Fjordane.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568