Politikarar samla rundt eit møtebord
Politikarar samla rundt eit møtebord

Fylkesutval 28. september. Foto: Matias Helgheim

Tilrår høyring

Fylkesutvalet tilrådde 28. september å legge intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ut på høyring.  Høyringsperioden er frå 26. oktober til 23. november.

Etter at forhandlingsutvala i dei tre fylka vart einige om ein intensjonsplan for samanslåing er planen no til politisk handsaming. Først ut var fylkesutvalet, som 28. september sendte ei tilråding om høyring vidare til fylkestinget 18. oktober.

Fylkesutvalet tilrår ei brei offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes tilrådinga med presiseringar i desse punkta:

  1. Fylkestinget legg intensjonsplanen for samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar ut på ei brei offentleg høyring der sende høyringssvar i perioden 26.10.-23.11.16.

  2. Sogn og Fjordane fylkeskommune legg til grunn at fylkestinga i Rogaland og Hordaland også legg intensjonsplanen ut på høyring i sine fylke. Dersom ikkje alle tre fylkestinga gjer vedtak om høyring får fylkesutvalet fullmakt til å vurdere om Sogn og Fjordane fylkeskommune skal starte ein dialog med fylkeskommunar som ønskjer å vurdere moglege nye regionløysingar.

  3. Fylkestinget legg til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk som ei naturleg følgje av omtalen av nynorsk som viktig identitetsbyggjar.

  4. Fylkestinget i Sogn og Fjordane tek sikte på å gjere vedtak i høve vidare arbeid med regionreforma i desember 2016. Då vil ein ta stilling til om de aktuelt å sende ein felles søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane med andre fylkeskommunar.

Om intensjonsplanen vert lagt ut på høyring vil fylkestinget i desember vurdere søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane fylkeskommune med andre fylkeskommunar.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland

Saksframlegg til møte i fylkesutvalet 28. september 2016

Alt om regionreforma

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut