Foto av ferja MF Lote på veg over ein fjord i skumringa. Foto: Fjord1
Foto av ferja MF Lote på veg over ein fjord i skumringa. Foto: Fjord1

Foto: Fjord1

Tilråding i Fjord1-saka

Fylkesrådmannen rår fylkespolitikarane til å delvis realisere aksjeposten i Fjord1 no, men også vidareføre eigarskapen i nokre år, før fylkeskommunen sel seg heilt ut av selskapet.

Fylkesrådmannen fekk våren 2014 i oppdrag å starte ein prosess når det gjeld den fylkeskommunale eigarskapen i Fjord1 AS. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag 59 prosent av selskapet gjennom selskapet F1 Holding AS.

Starta med tre alternativ

Oppdraget vart utpå hausten 2014 konkretisert til å vurdere tre ulike alternativ:

  1. Framhald av eigarskapen som i dag.
  2. Framhald av eigarskapen og få inn ein ny medeigar gjennom kapitalinnskot.
  3. Heilt eller delvis sal av nemnde aksjepost.

Prosessen har vist at alternativ 2 ikkje er aktuelt.

Tilrådinga til fylkesrådmannen inneheld delvis realisering av aksjeposten no, ei vidareføring av eigarskapen – for å få med seg antatt «gode år» – og deretter full utgang. Det inneber at tilrådinga hentar element frå fleire av dei nemnde alternativa.

Fylkesrådmannen meiner at fylkeskommunen kan få tilført store og sikre inntekter ved å velje ei slik løysing.

Gjeldssanering

Tilrådinga legg opp til at salsinntekta vert nytta til gjeldsanering. Det kan betre dei økonomiske utsiktene til fylkeskommunen vesentleg. Sogn og Fjorande fylkeskommune har i dag den høgste lånegjelda av alle fylkeskommunane, målt etter innbyggjartal.

Ved eit eventuelt sal vil vi kome ned på nivå med landsgjennomsnittet.   

Politisk handsaming

Det er lagt opp til at fylkesutvalet skal handsame tilrådinga 16. november, og at fylkestinget skal avgjere saka 23. november.

Tilrådinga til fylkesrådmannen vert i dag lagt ut som open sak. Ved handsaminga i fylkesutvalet og fylkestinget vil dei respektive organa sjølve avgjere om saka skal handamast for opne eller lukka dører.  

Les heile saka: Eigarposisjonen i Fjord1 AS.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf. 415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut