Tilleggsproposisjon 2014 – endringar for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Regjeringa har i dag lagt fram sin tilleggsproposisjon i høve det framlagde statsbudsjettet. Fylkesrådmannen har fredag merka seg nokre av endringane for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkesadministrasjonen arbeider no med å skaffe seg oversikt over dei endringar vi må ta inn i eige budsjett- og økonomiplanopplegg. Vi vonar å kunne sende finansutvalet eit samla oppsett fyrstkommande måndag. Finansutvalet skal saldere sitt budsjett- og økonomiplanopplegg onsdag 13.november.

Fylkesrådmannen har så langt merka seg nokre endringar (+/-) i den framlagde proposisjonen. Tre av desse er såpass store at dei må nøye vurderast i vårt eige opplegg:

  1. Posten «tilskot til fylkeskommunar for regional utviking» er redusert med 430 mill.kr, tilsvarande 27%. Den fylkesvise fordelinga er ikkje klår og vil – i følgje proposisjonen – bli vurdert på nytt. Sogn og Fjordane fylkeskommune sin del av den årlege totalpotten ligg vanlegvis på 6-7%. Dersom vi må ta ein tilsvarande del av den varsla reduksjonen, vil dette utgjere 25-30 mill.kr.
  2. Posten «opprusting og fornying av fylkesvegar» (del av rammetilskotet) vert styrka med 280 mill.kr. Av dette er det rekna med at ca. 20 mill. kr., eller vel 7%, går til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Også dette er formelt sett frie midlar.
  3. Gjeldande rentekompensasjonsordning for veginvesteringar vert vidareført. I opphavleg statsbudsjett er denne ordninga avvikla frå og med 2014. Kompensasjonsordninga inneber at fylkeskommunane får dekka renteutgifter opp til eit visst investeringsnivå. Dette nivået er for Sogn og Fjordane fylkeskommune sett til 139 mill.kr. I vårt førebelse budsjettopplegg ligg det alt inne investeringar som langt overstig dette nivået. Det inneber at vår ev. vinst på kort sikt vil vere eit avgrensa kompensasjonsbeløp. På noko sikt vil desse kunne auke, men då må samtidig lånegjelda ytterlegare opp og vi må som følgje av dette finne dekning for tilhøyrande avdragsutgifter.

Alt om statsbudsjettet 2014

For meir informasjon, kontakt

Tore Eriksen, fylkesrådmann
Sogn og Fjordane fylkeskommune
www.sfj.no | Tore.Eriksen@sfj.no
tlf: 57 65 61 14 / 415 30 932

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut