Tide ankar dommen

Tide Sjø har anka dommen i Sogn tingrett. Tingretten frifant i april Sogn og fjordane fylkeskommune for kravet om å betale erstatning for tap av kontrakt på snøggbåtrutene mellom Sogn og fjordane og Bergen. I anken til Gulating lagmannsrett opprettheld Tide Sjø kravet på 119,2 millionar kroner.

Fylkesordførar Nils R. Sandal tek til etterretning at Tide Sjø har anka dommen i Sogn tingrett, og avventar den vidare behandlinga i saka.

Sogn tingrett frifant Sogn og Fjordane fylkeskommune mot å betala Tide Sjø 1,2 millionar kroner. Eit beløp som var meint å skulle dekka Tide Sjø si negative kontraktsinteresse, det vil seia selskapet sine faktiske kostnadar ved å delta i anbodsprosessen.

Retten kom den gongen til at det ikkje er sannsynleggjort at Tide Sjø ville fått kontrakten, og at vilkåra for å idømma fylkeskommunen eit erstatningsansvar for tap av positiv kontraktsinteresse difor ikkje var tilstade. Med positiv kontraktsinteresse meinast den fortenesta Tide Sjø hevda dei ville hatt om dei hadde fått kontrakten.

Tide Sjø vart i staden dømt til å dekka fylkeskommunen sine sakskostnadar med vel 2,1 millionar kroner. Dette fordi retten etter ei heilhetsvurdering kom fram til at fylkeskommunen i det vesentlege hadde vunne fram med sitt syn.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no