Illustrasjon av fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane.
Illustrasjon av fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane.

Tettare samarbeid mellom BKK og SFE

BKK og Sogn og Fjordane fylkeskommune er samde om å greie ut moglegheitene for eit tettare samarbeid mellom produksjonsverksemdene i SFE og BKK.

Då Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar vedtok intensjonsplanen om å slå seg saman til ein region, var dei samde om å halde verdiane av Sogn og Fjordane Energi (SFE) utanfor etableringa.

Fylkeskommunen arbeider no med å greie ut ulike modellar for å sikre at verdiane i  SFE-eigarskapen kan bli verande i dagens Sogn og Fjordane fylke. Samstundes vurdere BKK sin strategi for selskapa som inngår i Vestlandsalliansen, blant anna om mogleg å få til ei tettare samordning av produksjonsverksemdene.

Viktig i regionprosessen

Som ei følgje av dei pågåande prosessane, er dei to største eigarane av SFE, Sogn og Fjordane fylkeskommune (48,15 prosent) og BKK (38,54 prosent), samde om å greie ut framtidig organisering av eksisterande og framtidig produksjonsverksemd i kraftkonsernet. Ein del av utgreiingsarbeidet vil vere å sjå nærare på ei tettare samordning av BKK og SFE sine selskap for kraftproduksjon.

– Det har vore viktig i regionsprosessen at Sogn og Fjordane får ta del i den framtidige verdiskapinga i SFE. Vi vurderer ulike modellar som kan sikre dette, og utgreiingsarbeidet vil kunne bli eit viktig bidrag inn i den pågåande fylkeskommunale prosessen, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen

Vurderer ulike alternativ for samarbeid

Konsernsjef Jannicke Hilland i BKK er glad for at SFE og BKK no skal greie ut tettare samarbeid mellom selskapa.

– Både marknaden og rammevilkåra endrar seg raskt. Då må vi som selskap også endre oss. Difor vurderer vi ulike alternativ for samarbeid innan vasskraftproduksjon. For oss er det viktig å leggje til rette for gode kompetansemiljø, effektiv drift og auka verdiskaping. Vi må finne løysingar som sikrar verdiar og arbeidsplassar i heile regionen, seier Hilland.

Må vere skodd for utvikling

I SFE peikar konsernsjef Johannes Rauboti på at dei har ein god dialog med eigarane sine, og at dei stiller seg positive til den utgreiinga dei to største eigarane no ønskjer.

– Den beste måten vi kan sikre arbeidsplassar og verdiskaping inn i framtida er å drive effektivt og vere best mogleg skodd for utvikling. Med den utviklinga som skjer i energisektoren, er det naturleg å orientere seg om moglegheiter for samarbeid med selskapa rundt oss. Vi vil derfor vere opne for å finne gode samarbeidsløysingar både med BKK og kraftselskapa i Sogn og Fjordane, seier Rauboti.

For meir informasjon

Jannicke Hilland
konsernsjef BKK
951 79 731
jannicke.hilland@bkk.no

Tore Eriksen
fylkesrådmann Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no   

Johannes Rauboti
konsernsjef SFE
916 45 264
johannes.rauboti@sfe.no   

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut