Foto frå teaterfestivalen i Fjaler 2017. Biletet syner fleire personar som bevegar seg oppå fjorden i store, blanke ballar.
Foto frå teaterfestivalen i Fjaler 2017. Biletet syner fleire personar som bevegar seg oppå fjorden i store, blanke ballar.

Foto: David Zadig

Teaterfestivalen i Fjaler får Fylkeskulturprisen 2018

Hovudutval for næring og kultur har i dag vedteke at Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane skal tildelast Teaterfestivalen i Fjaler.

I grunngjevinga for pristildelinga legg hovudutvalet vekt på at Teaterfestivalen i Fjaler skapar møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå, og at festivalen presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet. Programmet er relevant både for bygda og teatermiljøet i Norge, og har vore med å setje festivalen på kartet. Teaterfestivalen har auka mangfaldet av teateruttrykk i fylket.

Prisen på 50 000 kr og diplom vert delt ut på fylkestinget 4. desember 2018. Dette er den 39. gongen fylkeskommunen deler ut fylkeskulturprisen.

Gjennom desse åra har 33 enkeltpersonar fått prisen. 16 av dei har fått prisen aleine, medan dei andre har delt prisen med ein annan person/lag/organisasjon. I 2004 delte tre personar prisen. I tillegg er det 15 lag/organisasjonar som har fått prisen, alt frå kor/grupper til spel, utstillingar, festivalar og organisasjonar. Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturlivet i fylket.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut