Tale til Fylkestinget juni 2017

Kjære fylkesting!

Hjarteleg velkomne til Loen på det tredje fylkestinget i 2017. Ein hektisk vår for oss går mot sommar. Vi sit med svara på mange av spørsmåla vi stilte oss på denne tida i fjor, samtidig har nye spørsmål kome til.  

Eg går rett på regionreforma, som vart sett i gang av Stortinget.

Fylkestinget har tatt ansvar for Sogn og Fjordane si framtid og sikra interessene til fylket. Intensjonsplanen med Hordaland gjev oss god uttelling. Det har vore eit offensivt grep. Utan ein slik plan ville vi ha kome dårlegare ut i ei fylkessamanslutning.

Stortinget vedtok 8. juni ei ny fylkesinndeling i Noreg med 11 folkevalde regionar. Regionreforma har prega det politiske arbeidet vårt siste året. Det har kravd stor innsats frå vår side. Som de kjenner til, inviterte kommunalministeren oss alt sommaren 2015 til å starte «nabopraten». Fylkesutvalet tok raskt initiativ til å få fram ei sak til fylkestinget.

Sett i lys av det vedtaket Stortinget har gjort meiner eg det var klokt at vi tok ansvar, sette oss i førarsete og var offensive frå starten. Dette har sett dagsorden for det halvanna året som er gått. Kommunalministeren har i fleire møte gjeve tydeleg uttrykk for at det skal «løne seg» å ta ei aktiv rolle. Føregangsfylka vil bli lytta til, sa han.

Vårt forhandlingsutval forhandla fram ein intensjonsplan med Hordaland som er god – særleg med tanke på at vi er eit fylke med relativt få innbyggjarar sett i høve til Hordaland.

Kva som skjer etter valet er ingen som veit. Intensjonsplanen er vårt sikkerheitsnett dersom fylka vert slått samen. Den sikrar fylket vårt viktige funksjonar og leiarposisjonar. Vi har teke styringa, og har påverka innhaldet i regionreforma på Vestlandet. Vi ha akseptert at strukturar kan endre seg, men vi går ikkje med på ei reform der vi i Sogn og Fjordane kjem dårleg ut.

Intensjonsplanen peikar på oppgåver og ansvar som er viktige for å vitalisere det regionale folkevalde nivået. Ei regionreform utan ei reell overføring av oppgåver og eit reelt innhald har ingenting føre seg!

Forhandlingsutvalet stod hardt på for å finne løysingar for å ivareta interessene til folk i fylket. Og utan ein intensjonsplan med tilslutning i begge fylkestinga, ville vi ikkje hatt ei plattform for det vidare arbeidet.

Men intensjonsplanen handlar om meir enn fordeling av oppgåver mellom dagens administrasjonssenter: Den slår fast at tenestetilbodet skal vidareutviklast i ein brukarnær og desentralisert struktur. Det er brei semje om at gode tenester skal ytast der innbyggarane bur og lever. Eitt anna mål er å sikre betre kommunikasjonar internt i regionen, og gode og trygge samband mot resten av landet og Europa.

Satsinga på tenesteutvikling, infrastruktur, gode kommunikasjonar og vekstkraftige sentra stemmer godt overeins med det fylkestinget vårt har prioritert i lang tid. Det stemmer også med satsingane i vår eigen planstrategi. Ein eventuell fylkessamanslåing må difor bygge på den intensjonsplanen vi har forhandla fram.

Eg er glad for at hovudsete for fylkesmannen vart lagt hit. Det var ein viktig seier. Eg er glad for at fylkeskommunen framleis skal ha ansvar for tannhelsetenesta og fagskulen. Eit viktige gjennombrot er at administrasjonen av fylkesvegane skal overførast frå Statens Vegvesen til fylkeskommunen. Og likeeins oppgåver frå Innovasjon Noreg og Forskingsrådet. Dessutan skal ein vurdere kva oppgåver frå IMDI som kan overførast.

Dette er ein god start, men det er ikkje nok til å forsvare reforma. Eg vil be Stortinget merke seg det vi understreka i høyringsmøte i kommunal- og forvaltningskomiteen den 2. mai:

Ekspertutvalet som setjast ned må få eit ope og fritt mandat, og foreslå nye oppgåver som Stortinget kan overføre til regionalt folkevald nivå. Dei må få moglegheit til å vurdere nye alternativ og tenkje nytt, og fylkeskommunane må vere representerte i ekspertutvalet. Dei må mellom annan få vurdere oppgåver innanfor BUF-etat og heile Kulturrådet. Det bør også vurderast oppgåver knytt til deler av spesialisthelsetenesta.

Stortinget har også pålagt regjeringa å ta ein gjennomgang av regional statsforvaltning. Eg meiner staten må rydde i eigen organisasjon og det uoversiktlege lappeteppet der.

Eg forstår dei som er skuffa over at regjering og Storting ikkje kom med fleire nye oppgåver. Det er også diskusjon om i kva grad vilkåra i intensjonsplanen er oppfylt. Eg ser fram til ein konstruktiv debatt her i fylkestinget, der vi får fram kva fylkestinget meiner om dette, og korleis vi kan påverke at fleire oppgåver kjem på plass. Og ikkje minst – kva oppgåver vil vi ha overført?

Det vert forventa at vi skal følgje opp vedtaket i Stortinget, og vi står såleis framføre omfattande prosessar. Som polititakarar med hjarta for Sogn og Fjordane må vi arbeide utrøytteleg for å ivareta interessene til fylket vårt.

Sogn og Fjordane og Hordaland er samde om å avvente til vi ser kva prosess departementet legg opp til, og vil kome med ei sak til fylkestinget når vi har fått oversikt over det.

 

Stortinget har vedteke å gjennomføre ei kommunereforma parallelt med regionreforma. Målet er større kommunar med meir makt og mynde, og betre kapasitet til å utvikle berekraftige og gode lokalsamfunn.

Stortinget vedtok 8. juni at det blir åtte færre kommunar i Sogn og Fjordane, og 13 av 26 kommunar er involverte i samanslåingar som skal gjelde frå 1.1.2020. Det er;

-  Jølster – Førde – Gaular – Naustdal med til saman 21 900 innbyggjarar

-  Hornindal – Volda med til saman 10 300 innbyggjarar

-  Selje – Eid med til saman 8 900 innbyggjarar

-  Balestrand – Leikanger – Sogndal med til saman 11 600 innbyggjarar

For Flora, Bremanger og Vågsøy skal gjennom ei ny utgreiing til kommunal- og moderniseringsdepartementet innan 1. september, og deretter handsamast i Stortinget. Eg meiner Regjering og Storting burde ha vore meir opptekne av å sjå dei ulike reformene i samanheng, og ha eit samla blikk for dei regionale og lokale konsekvensane. Tenlege samanhengar mellom primærkommunane og fylkeskommunane bør vere eit nøkkelkriterium for heile den omfattande forvaltningspolitiske diskusjonen.

 

Beredskap er viktig for tryggleiken til folk. Når hendingar skjer har kommunane og beredskapsetatane gong på gong vist at beredskapen er god, og at kriser vert handterte godt. Fylket vårt har ein utfordrande topografi og geografi som gjer oss sårbare i ein krisesituasjon, der stengde vegar og tunnellar vil isolere mange lokalsamfunn.  Det er svært viktig at endringar i beredskapsetatane tek oss i positiv retning og ikkje skapar hol i beredskapen vår.

Vi må difor i større grad sette beredskap inn i eit heilskapleg perspektiv, og sjå endringar innanfor politi, brann- og redning, Sivilforsvar- og Heimevern i  ein samanheng. Etter fleire dramatiske hendingar i fylket har vi sett kor viktig det er at beredskapspersonell er raskt på plass, og at dei har god lokalkunnskap.

Fylkesmannen sitt miljø innanfor samfunnstryggleik meiner at det alt i alt er tryggare enn nokon gong å bu og opphalde seg fylket vårt, sjølv om det ògså finst utfordringar. Vi er eit fylke med mykje vêr og vind, og det påverkar risiko og sårbarheit. Vi har jamnleg ekstremver og naturhendingar som flaum og skred. Som andre fylke har vi òg eit stort vedlikehaldsetterslep på infrastruktur, ikkje minst på vegnettet. Det bidreg til å forsterke utfordringane som naturen byr på.

Det hjelper lite å ha robuste styrkar med stor evne til innsats og stor mobilitet, dersom vegane er stengde av skred og ferjene ikkje kan gå på grunn av stormflod. Endringar i beredskapsstrukturen som fører til sentralisering vil ramme distriktssamfunna våre i langt større grad enn andre stadar i landet.

 

Der er mykje som står på spel for landbruket i Sogn og Fjordane denne våren. Vi treng ein landbrukspolitikk som gjev levedyktige bruk på Vestlandet. Det må førast ein politikk som er innretta mot små og mellomstore bruk, som vi har flest av her i Sogn og Fjordane. I fylket vårt er landbruket svært viktig for sysselsettinga. Sogn og Fjordane har gode føresetnadar for å produsere mat, og hovudproduksjonen er grovfôr, mjølk og kjøt. Vi har også gode føresetnader for frukt og bær, og er leiande i landet på både bringebær og morellar. Men små bruk, bratte bakkar og lange avstandar gjer effektivisering både vanskeleg og dyrt. Då er rammevilkåra avgjerande.   

Eg meiner regjeringa har svikta landbruket. Dei kunne ha følgd opp intensjonane i Landbruksmeldinga og gitt bøndene eit inntektsløft for å sikre eit levedyktig landbruk. Det gjorde dei ikkje.

Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane har som mål å styrka konkurransekrafta i landbruket ved auka bruk av forsking og utviklingsarbeid (FoU). Vekst i landbruket krev gode rammevilkår, gode utviklingsmoglegheiter, konkurransekraft. Dette må vi å sjå att i både jordbruksoppgjeret, landbruksmeldinga og i praksis!

 

Ei anna sak som har oppteke oss er nasjonal transportplan (NTP), som også vert handsama i Stortinget denne våren. Vi er glade for at Stad skipstunnell ligg inn i NTP. Sogn og Fjordane har hatt ønskje om mykje meir enn det som ser ut til å koma i NTP, både når det gjeld investeringar på veg, skredsikring, tunnelsikring og tiltak i skipsleia. Vi er utolmodige og syns det går for smått med opprustinga av E39 gjennom fylket, og vi er lite nøgde med manglande satsing på Strynefjellet og tunnel gjennom Vikafjellet. Det siste meiner vi vert endå viktigare med tanke på eit felles fylke med Hordaland, eit vestlandsfylke, der godt samband mellom administrasjonsstadene i det nye fylket vil verte viktig.

Sogn og Fjordane er eitt av dei store rasfylka og storleiken på ramma til rassikring er avgjerande for kor mange veger vi får sikra komande åra. Flovegen står for tur og er snart ferdig planlagt. Vi trur den vil krevje det meste av det vi får i tilskot frå staten i neste periode. Og etter denne står fleire viktige prosjekt for tur. Skal vi nå målet om eit skred- og ras-sikkert vegnett innan rimeleg tid, må midlane til skredsikring aukast!

Fylkeskommunen skal bruke mykje midlar på oppgradering av tunneler på fylkesvegnettet for å tilfredsstiller krava i tunnelsikkerhetsforskrifta. For å klare dette løftet, må staten bidra i finansieringa, elles vil det gå ut over anna naudsynt vedlikehaldsarbeid på fylkesvegnettet.

Like viktig som gode vegsamband er det å kunne bruke digital teknologi i samhandlinga med andre. I vår har eg brukt mykje tid på å reise til Oslo på høyringar i Stortinget. Både NTP, regionreforma og høyringa om Avinor. Tenk om desse høyringane kunne vore gjennomført digitalt! Det hadde spart oss alle for store utgifter til reise, opphald og arbeidstid. Desse høyringane er svært ressurskrevjande, der mange organisasjonar og etatar bruker mykje tid på reise for å framføre ein bodskap på 4-10 minutt. Vi kan jobbe meir effektive og miljøvenleg ved å bruke meir digital teknologi. Vi må ikkje vere redde for å prøve nye arbeidsmåtar, og i større grad tenke samfunnsøkonomi i det vi gjer. Men eit godt vegnett og flytilbod er likevel viktig når det er behov for å møte folk ansikt til ansikt.

Intelligente transportsystem – ITS – er eit spanande område innanfor samferdsla. Det vil i framtida kome sjølvgåande køyretøy, og det vil føre til ei anna innretning på kollektivtransporten. Mange av oss er litt avventande og spørjande til denne utviklinga. Det har folk før oss også vore, utan at utviklinga har stoppa av den grunn. Det er ein realitet at utviklinga innanfor teknologi gjer oss mange nye moglegheiter. Berre sjå på dei digitale løysingane som vi ser på som sjølvsagte i dag. Det er ikkje mange i salen her som har vore inn i banken for å betale rekningar siste året. Nesten alle har ein smarttelefon med eit hav av funksjonar og er nesten eit mini-kontor. For berre få år sidan var dette utenkeleg. Den teknologiske utviklinga vil kome til å forandre samfunnet vårt radikalt.

 

Vi er også påverka av hendingar utanfor landegrensa. Vi har spent følgd med på vala i både Nederland og Frankrike. Det er godt å sjå at det ikkje er dei nasjonalistiske kreftene som vinn fram. Situasjonen i Europa er meir eller mindre normaliserte for denne gong. Men kriser vil kome på nytt, og liknande tilstander og utfordringar vil kunne dukke opp. Dei siste vekene har terror i Storbritannia og Iran prega nyheitsbiletet. Blant ofra finn vi menneske frå mange land. Terror kjenner ikkje landegrenser, og yter ingen rettferdighet. Slike hendingar understrekar kor viktig det er å stå saman mot dei ytterleggåande og destruktive kreftane.

 

Noreg er eit av verdas aller beste land å bu i, noko perspektivmeldinga til regjeringa også peikar på. Mange deltek i arbeidslivet, vi har store naturressursar, ein kompetent arbeidsstyrke og solide statsfinansar. Velstanden er betre fordelt enn i dei fleste andre land i verda. Vi har i stor grad ressursar og fridom til å styre våre liv etter eigne vurderingar  og ynskjer. Norge er godt rusta til å møte framtida. Men vi som politikarar har eit særskild ansvar for å syte for at også dei kommande generasjonane kan nyte godt av godane og tryggleiken vi har her i Noreg.

 

Sogn og Fjordane er i Noregstoppen på ei rekkje område. Eg vil nytte talen min til å løfte fram nokre dei positive og fantastiske satsingane som skjer i fylket vårt – og har laga meg ei topp 10 liste. Dette er eksempel på kva flinke folk får til, og opplistinga mi er uprioritert:

1.    Loen Skylift opna 20. mai. Her er investert 270 mill. i kabelbane og serveringsstad. Du kjem opp på fjellet Hoven her i Loen på berre fem minutt. Dette vil opne fjellheimen for heilt nye grupper, og skape ringverknader langt utanfor Loen og Stryn kommune. Alt no ser vi at turistar står i kø, og at prosjektet har fått stor merksemd.

2.    Sogn og Fjordane er best i landet på gjennomføring i vidaregåande opplæring – både på studiespesialiserande og yrkesfag.

3.    Folketalet har for første gong passert 110.000 personar. Vi har no ein høgre vekst enn mange andre fylke.  

4.    Tippemidlar er viktige, og til fylket har midlane auka frå 23 millionar i 2011, til 53 millionar i 2017. Til saman får 107 anlegg midlar i år, mot 47 i 2013.

5.    Lefdal Mine Datasenter som opna 10. mai er det investert 250 millionar i dei nedlagde gruvene i Lefdal. Dette er det største datasenteret i Noreg, og representerer nye, grøne og framtidsretta tenester.

6.    Nekst har fått med seg investorar til den største satsinga på eitt havbruksprosjekt nokon gong. Det vert investert 2,7 milliardar i eit landanlegg og eit oppdrettsanlegg i open sjø.

7.    Tour des Fjords rulla gjennom fylket 24. mai - 120 internasjonale proffsyklistar sykla frå Balestrand gjennom Gaular og Jølster til Førde, og laga folkefest i direktesendt TV til 50 nasjonar.

8.    Flåmsbana frakta i 2016 over 926.000 passasjerar, ein auke på heile 145.000 gjestar på berre eit år! Satsinga i Flåm viser at vi kan utvikle reisemål av internasjonalt format.

9.    Kongevegen fekk EU-kommisjonen sin kulturminnepris våren 2017. Prisen er rekna som ein av dei mest høgthengande i Europa, og det er vanskeleg å forestille seg verdien av ei slik utmerking. Den store interessa på «Visit Norway» sine sider fortel om dette.

10.Nikolai Astrup har for alvor teke steget ut i verda. Utstillingane i Europa i 2016 blir følgde opp av utstillingar i USA. Vi har ein kunstnar i verdsformat frå Jølster!

 

Vi har mykje flinke folk med skaparkraft, kreativitet og pågangsmot. Det syner desse resultata, og denne lista kunne ha vore mykje, mykje lengre!

Tala mi derimot, er ikkje mykje lengre, vi skal i gang med debatten.

Vi er i spanande politiske tider, og vi som fylkespolitikarar har mykje å styre med og mange utfordringar å ta tak i under skiftande tider. Eg ser fram debatten.

Lukke til med tingseta!