Sykle til jobben-aksjon ved Firda vidaregåande skule

20 av lærarane ved Firda vidaregåande skule på Sandane har meldt seg på Sykle til jobben-aksjonen, og dei oppmodar tilsette ved andre skular i fylket til å gjere det same.

Lærarane ved Firda vidaregåande skule har også tidlegare delteke i aksjonen, og Kristine Aaberg Ruud håpar det kan bli ein tradisjon.

– Eg er sjølv med i aksjonen, og merkar godt at den gjev ekstra motivasjon for å kome seg ut endå meir enn vanleg, seier ho.

Oppmodar fleire til å bli med

Sykle til jobben-aksjonen er ein aktivitetskampanje i regi av Bedriftsidretten og er ikkje avgrensa til sykling. Dei som melder seg på, forpliktar seg til å mosjonere i snitt ein halv time per dag i mai og juni, og for dei som ikkje er bestevenn med sykkelsetet, kan alternativa vere til dømes jogging, sykling eller gåing.

Aktiviteten til deltakarane vert lagt inn i ei webløysing, der dei samlar aktive minutt. Her kan dei også sjå kva andre deltakarar som er med, og ein kan samanlikne seg med andre arbeidsplassar i til dømes same sektor og fylke.

– Vi vil difor oppmode dei andre skulane i Sogn og Fjordane til å hive seg med i aksjonen både i år og neste år, oppmuntrar Aaberg Ruud.

Les meir om Sykle til jobben-aksjonen på www.sykletiljobben.no.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00