Strategi for vidare utvikling av Fosshaugane Campus

Fylkesrådmann Tore Eriksen og fungerande rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Terje Bjelle, står bak erklæringa om vidare utvikling av Fosshaugane Campus. Dei vonar at dei på sikt skal få realisert den felles målsetjinga.

Vil samle Sogndal vidaregåande skule

Både fylkeskommunen og høgskulen har det siste året flytta inn i nye lokale på Fosshaugane. Men sjølv om høgskulen har fått nytt hovudbygg, treng dei framleis meir plass. Fylkeskommunen ønskjer på si side å samle heile Sogndal vidaregåande skule på nordsida av stadionanlegget. Alle linene er samla her i dag, utanom studiespesialiserande, som framleis held til i gamle Gymnasbygget.

Høgskulen ønskjer saman med Statsbygg og fylkeskommunen å utvikle ein strategi for å overta dette bygget. Fylkeskommunen er positiv til dette, og ser gjerne at Statsbygg kjøper Gymnasbygget med tilhøyrande tomt til bruk for høgskulen.

Les heile erklæringa og kva som vert lagt til grunn i det vidare arbeidet

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf. 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Terje Bjelle
fungerande rektor HSF
tlf. 57 67 61 30
e-post: terje.bjelle@hisf.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00