Foto som er teke på øya Skorpa i Flora. Vi ser mot Batalden og det open havet. Det er grønt gras og lettskya, men blå himmel.

Skorpa er ei av øyene i Flora som er med i det store breibandsprosjektet kommunen er i gang med. Foto: Carsten Guenther, www.flickr.com.jpg

Storstilt breibandutbygging

Kysten av Sogn og Fjordane har dei siste åra fått 31,2 millionar offentlege kroner til breibandutbygging. Flora er no i gang med det største kommuneprosjektet i fylket nokon gong.

– Vi har alt bygd ut mykje breiband i kystkommunane, og fleire prosjekt er under bygging og planlegging, seier prosjektleiar i fylkeskommunen, Olav Skarsbø.

IT-forum og fylkeskommunen samarbeider med kommunane om breibandsøknadar til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Skarsbø fortel at Sogn og Fjordane har fått god utteljing takka vere godt samarbeid.

Største prosjektet nokon gong

I Flora planlegg kommunen no ei stor utlysing for øyane Svanøy, Askrova Rognaldsvåg, Kinn, Batalden, Tansøy, Skorpa, Nærøya, Hovden og Fanøya. Dette er det største breibandsprosjektet som er gjort i ein kommune i fylket noko gong.

– Her har vi fått til eit storstilt spleiselag mellom staten, kommunen og fylkeskommunen på om lag ti millionar kroner i offentleg støtte. I tillegg kjem eigendelen til husstandane og bedriftene. Prosjektet skal ut på anbod rundt nyttår, og vi reknar med det vil vere fleire leverandørar som vil rekne på dette, seier Einar Årdalsbakke i Flora kommune.

På Stavøya fekk Telia oppdraget med å bygge eit særs godt 4G+ mobilnett. Det vart opna i august i år.

Fiber i Solund og Askvoll

I Solund vil nesten alle fastbuande ha eit fullgodt breibandtilbod om godt eitt år. Det er bygd fiber i Hardbakke, Steinsund, Rånøya, Hjønnevåg og til Kolgrov. Ytrøy og Lundøy er under bygging, og Nord Solund er under planlegging.

Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune har også fått eit fibertilbod til alle husstandar, der staten, kommunen og fylkeskommunen har bidrege med 3,7 millionar i støtte.

Vedtok breibandstrategi i april

Fylkestinget vedtok i april 2016 ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men han er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

Plan for utbygging langs kysten

Kommune Område Off. støtte Status Teknisk løysing
Gulen Dingja-Norgulfjorden 940 000 Under planlegging Mobilt breiband
Solund Steinsund, Rånøya, Hjønnevåg, Kolgrov 5 630 000 Gjennomført Fiber
Solund Ytrøy og Lundøy 1 700 000 Under bygging Fiber
Solund Nord Solund 1 100 000 Under planlegging  
Askvoll Bulandet og Værlandet 3 700 000 Gjennomført Fiber
Askvoll Atløy 1 275 000 Under planlegging  
Flora Stavøy 2 100 000 Gjennomført Mobilt breiband
Flora Øyane 10 000 000 Under planlegging  
Bremanger Hauge område 1 940 000 Gjennomført Fiber
Vågsøy Nave 313 000 Under bygging Fiber
Selje Borgundvåg og Nordfjord hamn 1 597 000 Gjennomført Fiber
Selje Lesto-Salt - Årvika-Honningsvågen 2 200 000 Under planlegging  
  SUM 31 220 000    

For meir informasjon

Olav Skarsbø
prosjektleiar i fylkeskommunen
909 93 462
olav.skarsbo@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker