Store sjansar for Sogn og Fjordane i petroleumsindustrien

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som har bestilt rapporten, som er laga av konsulentselskapet Agenda Kaupang. Dette er ein utviklingsanalyse av stoda i petroleumsverksemda i fylket fram mot 2030. Rapporten vart presentert i Florø i dag og peiker på tre hovudstrategiar for vegen vidare.

Den første strategien er å satse sterkt på marknadar som alt er i vekst. Den andre er å prioritere satsingsområde som ein sjølv kan gjere noko med, og den tredje å byggje infrastruktur og utvikle lokalsamfunna.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes deltok på presentasjonen av rapporten. Ho er leiar i Petroleumsrådet i Sogn og Fjordane og tykkjer det er ei viktig oppgåve å følgje opp strategiane rapporten peiker på.

– Eg opplever stor entusiasme og vilje til å utvikle petroleumssatsinga frå store delar av fylket. Satsinga på utdanning innan både vidaregåande opplæring og høgskulestudiar viser klår vilje og evne til å ta grep. Vi har dyktige bedrifter, fagfolk og leverandørar. Eg trur vi har stort potensial til å utvikle klynger og knyte oss opp mot andre fagmiljø. Vi må ha tru på oss sjølve for vi er konkurransedyktige, slår Kjelsnes fast.

Fjord Base eit knutepunkt

Rapporten peiker på Fjord Base i Florø som knutepunktet i petroleumsverksemda i Sogn og Fjordane. Basen bør verte ein sentral del av petroleumsstrategien, og han må få rom for vidare utvikling.

Ifølgje rapporten bør basen jobbe på fleire nivå og satse på å bli:

  • Ein kostnadseffektiv, fullskala forsyningsbase for Tampen-området.
  • Ein tung nasjonal aktør på vedlikehald av undervassutstyr.
  • Ein internasjonal base for lagring og behandling av borerøyr.

Kystvegen eit viktig prosjekt

Det er stor rift om kapasitet og kompetanse i petroleumsnæringa i dag. Høg og aukande aktivitet inneber moglegheiter for verksemder i Sogn og Fjordane som ønskjer å satse. Utvikling av solid(e) ingeniør- og prosjekteringsmiljø vert viktig for å hanke inn oppdrag og sikre heim- og tilflytting.

Rapporten peiker også på at fjerning av gamle installasjonar på sokkelen er ein marknad i vekst. Dette kan gje stor aktivitet rundt spesialanlegg på land. Lutelandet ligg godt til for å utvikle eit godt miljøanlegg i Noreg.

Infrastruktur er alltid viktig, og rapporten nemner her fleire faktorar. Det manglande pendlarpotensialet nord-sør langs kysten er eitt av dei. Mykje prosjektaktivitet vil fordre betre tilpassingar av kapasitet og kompetanse. Samanbinding av miljø som kan supplere kvarandre er difor viktig, og rapporten nemner Kystvegen som eit viktig prosjekt for petroleumsnæringa i fylket.

Les heile rapporten

Sogn og Fjordane mot 2030. Utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00