Stor leselyst i Sogn

Våren 2010 har 20 niande-klassingar i Aurland delteke i det nasjonale litteraturarbeidet med UPrisen, som er ungdomar si eiga kåring av årets beste ungdomsbok.

Aurland barne- og ungdomsskule fekk utfordringa på seinhausten i fjor, og har nytta mange lesetimar på prosjektet etter den tid. Tilbakemeldingane frå både elevar og lærarar viser at det ikkje er noko dei angrar på.

– Å arbeide med vurdering av skjønnlitteratur har vore kjekt, fortel lærar Olav Terum. Kvar einskild elev var med og bestemte at dei skulle delta som kritikarar i UPrisen, og var positive frå første stund, fortel han. På etterjulsvinteren gjekk dei i gang med sjølve lesinga av fem nominerte bøker. Dette blei nok meir omfattande enn ein del hadde sett føre seg!

Proff hjelp

– Vi skulle lese fem titlar, og den eine boka var på heile 550 sider, seier Terum. Alt i alt utgjorde dei fem romanane i overkant av 1200 sider, og dette er sjølvsagt meir enn det elevane les til vanleg. - I opplegget har vi fått svært god hjelp av litteraturkritikar Guri Fjeldberg, og dei tre møta klassen har hatt med ho har vore fruktbare. Ho gav dei ei fin innføring i aktuelle kjenneteikn ved god ungdomslitteratur og har medverka til gode diskusjonar, fortel den engasjerte læraren.

Favoritt vann

Ein god del av lesinga har vore gjennomført på skulen, men elevane har og hatt fast lesing heime. Dei aller fleste elevane klarte å lese alle bøkene, og har gitt uttrykk for at det har vore flott å kunne lese på skulen. Klassen var stort sett samstemt om kva dei meinte var den beste boka, og var spente då dei to elevane (Vilde T Skjerdal og Andrea T Raaen) skulle delta på storjurymøte i Oslo. Landet under isen, av Lars Mæhle vann, og denne boka var også Aurlands-elevane sin favoritt.

Høgtidleg utdeling

Heile 9-klassen frå Aurland deltok på prisutdelinga i samband med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Vilde T Skjerdal var dessutan plukka ut til å dele ut prisen (saman med ein annan elev frå ein annan skule) under det høgtidlege UPris-arrangementet, som også blei filma av TV. Ho var spent, men klarte oppgåva med glans. Også resten av opplegget på Lillehammer var bra. Særleg likte delegasjonen frå Aurland Bokbadet, der elevane fekk stille spørsmål til alle dei 5 nominerte forfattarane.

– I etterkant ser elevane at dei har vore med på noko ”viktig”, og eg er overtydd om at dei har fått mange nye tankar om litteratur, seier lærar Olav Terum.

Sjølv tykkjer han det er svært bra at ungdom blir tekne på alvor:

– Her får dei seie si meining om kva som er den beste boka, det er ikkje vaksne som meiner noko om kva som er god litteratur for ungdom.

Terum legg til at han meiner lesestimulerande prosjekt for denne aldersgruppa er svært viktig for å få dei til å lese. Og no har dei erfart at det er kjekt!

UPrisen er eit samarbeid mellom Foreningen!les, Norsk Litteraturfestival og Den kulturelle skulesekken i sju fylke, mellom dei Sogn og Fjordane.

Del dette:

Relaterte lenker