Fem fiskar i Lærdalselvi, symjande ved steinane i botn av elva. Foto: Alf M. Sollund/www.flickr.com

Fiske i Lærdalselvi. Foto: Alf M. Sollund/www.flickr.com

Støtte til omstilling

Hovudutval for næring og kultur løyvde midlar til omstillingskommunane Askvoll, Hyllestad og Lærdal i møte 2. februar. Kommunane får til saman 5,65 mill. kr i omstillingsstøtte frå fylkeskommunen i 2016.

Askvoll har omstillingsstatus ut 2016, og gjekk ved årsskiftet inn i sitt sjette og siste omstillingsår. Det vert arbeidd godt og målretta med omstillingsarbeidet i kommunen, og dei siste åra har det gitt resultat både når det gjeld tal tilflyttarar og nye arbeidsplassar. Men kommunen har fortsatt dei same utfordringane som andre utkantkommunar med omstillingsstatus, knytt til stabilt folketal og arbeidsplassar. Askvoll får dermed ei løyving på inntil 1,8 mill. kr i omstillingsmidlar til gjennomføring av handlingsplanen for 2016.

Vidareføring av arbeidsmetodar og utviklingsverktøy

Hyllestad avslutta i utgangen av 2015 perioden med omstillingsstatus. Gjennom omstillingsåra har det vore jobba aktivt med utviklingsoppgåver, både mot næringsliv, frivillig sektor og kommunen. Hyllestad kommune får ei løyving på inntil 0,85 mill. kr i 2016 til eit pilotprogram som skal sikre at arbeidsmetodar og utviklingsverktøy nytta i omstillingsperioden vert vidareutvikla og tilpassa framtidig bruk i utviklinga av kommunen og næringslivet.

Arbeidsplassvekst innan rekkevidde

Lærdal kommune fekk omstillingsstatus av di kommunen over ein periode mista fleire attraktive arbeidsplassar. No er kommunen kome halvvegs i omstillingsløpet (omstillingsstatus ut 2018), og målet om arbeidsplassvekst er innan rekkevidde. For 2016 får Lærdal 3 mill. kr i omstillingsmidlar.

Saksframlegg og møtebok finn du her

Kontaktperson

Audhild Botnen Schaathun
audhild.schaathun@sfj.no
905 08 990

Del dette:

Relaterte lenker