Stipend til utdannings- og opplæringsopphald i europeiske land

EU programmet ERASMUS+ har tildelt Sogn og Fjordane fylkeskommune 74 stipend til utdannings/opplæringsopphald i europeiske land. Desse stipenda er for yrkesfaglege elevar, lærlingar, lærarar og lærlingansvarlege.

For lærlinginstruktørar varer opphalda ei til to veker. For elevar og lærlingar varer opphalda frå tre veker til to månader. Stipenda dekkjer fagområda restaurant- og matfag, helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon og byggfag. Planen er at fleire fagområde blir involverte i det kommande året.

Tildelinga er på 168.586 Euro totalt, og stipenda må nyttast dei neste 2 åra. Vidaregåande skular og opplæringskontor i fylket har etablert samarbeid med bedrifter, skular og organisasjonar i Frankrike, Spania, Latvia, Tsjekkia, Tyskland, Estland, England og Danmark.

Vidaregåande skular og opplæringskontor kan ta kontakt med Roger Kløvtveit for meir informasjon om mogelegheitene dette gjev.

For meir informasjon

Roger Kløvtveit
rådgjevar
958 34 359
roger.klovtveit@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00