Sterk heider til Reidar Tveit då tannhelsetenesta feira 50-årsjubileum

Dei 140 deltakarane på den fylkeskommunale jubileumsfeiringa til tannhelsetenesta på Kvikne's hotell i Balestrand, reiste seg og gav ståande trampeklapp til Reidar Tveit. Han var den første fylkestannlegen i fylket vårt og styrde den offentlege folketannhelsa i 30 år.

”Reidar Tveit var heilt sentral i oppbygginga av tenesta. Han såg klart behovet for folketannrøkt og sette i gang arbeidet. Saman med medarbeidarane sine la han ned ein stor innsats. Takka vere denne pionerinnsatsen var folketannrøkta i 1965 fullt utbygd her i fylket, etter vedteken plan, berre seks år etter at Tveit tok til som fylkestannlege,” sa fungerande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer i helsingstalen.

Tidlegare tannlege og tannhelseveteran Leif Borgund frå Selje heldt ei vakker hyllingstale til Tveit: ”Du kom oss alltid i møte med smil, hjelpsemd og ei støttande haldning.”
Både fungerande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer og direktør for tannhelsetenesta Erik Orten kom inn på dei gode tilbakemeldingane den fylkeskommunale tannhelsetenesta har fått i ei brukarundersøking. På ein skala frå 1 til 6 får tannhelsetenesta ein skår på 5,2 når det gjeld service og 4,5 på kor nøgde brukarane er. Dette plasserer tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane i toppsjiktet også i landsmålestokk.

Mykje og kreativ moro

Bordseta under festmiddagen vart styrd av kjøgemeister Jens Brekke frå Vik. Han bidrog på ein imponerande måte. Tannhelsevitsar, gode historier og dikt av Jakob Sande og Per Sivle knytte til tennene våre kom på løpande band. Likeeins bidrog dei ulike faggruppene med sjølvdikta songar og deklamasjon. Avstande mellom dei vennskapelege sparka var kort, og latteren gjalla mellom borda.

Reidar Tveit heldt ei flott takketale der han heldt fram den store innsatsen frå medarbeidarane som gjorde det mogleg å oppnå så gode resultat på så kort tid som då tannhelsetenesta vart bygt opp.

Eit døme på tannhelsetenesta sin posisjon står å lese i jubileumsboka ”Frå tanntrekking til folketannrøkt.” Det var ein gong Tveit var på arbeidsreise i Luster. Han la merke til at det vart flagga mange stader og undra seg fordi det ikkje var nokon høgtidsdag som han kunne kome på akkurat då. Fleire år seinare kom han til å nemne dette i ein samanheng. Då fekk han til svar at det var fylkestannlegen dei flagga for, fordi dei visste at han skulle vitje kommunen. Om ikkje dei ville flagge på same måten i dag, så viser brukarundersøkinga at tannhelsetenesta, som er den mest desentraliserte i fylkeskommunen, har stor tillit hjå folk i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Clara Øberg, konstituert fylkesdirektør for tannhelse, passbilete

Clara Øberg

Direktør for tannhelsetenesta

clara.oberg@sfj.no
415 30 713

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no