Foto som syner ein raud bil i Bøyadalen i Fjærland. Det er ein sommardag med sol. Vi ser Bøyabreen øvst i biletkanten.
Foto som syner ein raud bil i Bøyadalen i Fjærland. Det er ein sommardag med sol. Vi ser Bøyabreen øvst i biletkanten.

Foto: Arild Finne Nybø/www.flickr.com

Status og utviklingstrekk

Dette kapittelet omhandlar tema som demografi og busettingsmønster, transportrelaterte utviklingstrekk og risiko og sårbarheit.

Demografi og busettingsmønster

Som for andre fylke er folketal og folketalsutvikling viktig. Vi ser derfor på ei historisk utvikling av folketalet, trendar og framskrivingar av folketalet i fylket. Utvikling innan demografi og busetjingsmønster er hjelpemiddel til å iversetje samferdsletiltak som stettar befolkninga sine noverande og framtidige behov. Sogn og Fjordane er eit spreidd bygd fylke, men vi ser at folketalsveksten er størst rundt sentrale vegstrekningar.

Transportrelaterte utviklingstrekk

For å oppnå hovudmålsetjinga om eit effektivt og trygt transportsystem i Sogn og Fjordane er det sentralt med ein kartlegging av dagens tilstand på vegnettet samt transportrelaterte utviklingstrekk. Vi har difor sett på prognosar, tilstand på vegane, fartsgrenser, trafikkmengde m.m.

Risiko og sårbarheit

Sogn og Fjordane er eit fylke med utfordrande geografi og topografi. Dei naturgitte føresetnande i fylket tilseier at vi kan vere sårbare og utsette for ein viss risiko ved å ferdast på vegnettet. Uønskte hendingar vil òg skje i framtida, men ein formålstenleg kartlegging av risikoen og sårbarheita til transportsystemet i fylket vil kunne gi oss eit godt utgangspunkt til å avgrense konsekvensane av dei. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00