Statkraft Energi og Sogn og Fjordane Energi ønskjer å byte kraftverk

Dei to kraftselskapa er samde om ein prosess for å avklare nødvendige premissar for byte av kraftverk. Arbeidet med å rydde i krysseigarskap i kraftsektoren vert gjort for å skape ei enklare og meir effektiv drift – på heile Vestlandet.

Ein eventuell bytehandel vil innebere at Statkraft Energi sel kraftverka Svelgen I og II til Sogn og Fjordane Energi / Svelgen Kraft, medan Sogn og Fjordane Energi sel sin medeigardel på 35 prosent i Leirdøla kraftverk til Statkraft Energi.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er den største eigaren i Sogn og Fjordane Energi (eig 48,15 prosent).

Les meir om denne saka på heimesida til Sogn og Fjordane Energi

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut