Singerheimen i Olden
Singerheimen i Olden

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Startar arbeidet med freding av Singerheimen

Fylkeskommunen vurderer Singerheimen/Dalheim i Stryn kommune som eit kulturminne av nasjonal interesse, og varslar i dag oppstart av fredingssak for eigedomen.

– Singerheimen representerer store verdiar i lokalsamfunnnet, men også for nasjonen Noreg. Ei freding vil bidra til å sikre dei unike verdiane og formidle historia om Singer og Singerheimen til framtidige generasjonar, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Godt bevart anlegg

Anlegget på Dalheim vart bygd opp av Anna Brugh Singer og kunstmålaren William H. Singer jr., som kom til Olden i 1913 og vart verande resten av livet. Det består av ni ulike bygningar og hageanlegg.

Anlegget er svært godt bevart, og rommar mange forteljingar knytt til ekteparet Singer og deira liv i Olden. 

– Med autentiske kvalitetar og ein heilt unik historie har Singerheimen potensialet til å kunne bli ein stor turistattraksjon i Olden, seier Moberg.

Ønskjer mange innspel

Varsel om oppstart av fredingssak er det første steget på vegen mot freding av eigedomen. Neste steg er at fylkeskommunen skal utarbeide eit forslag til freding og dokumentasjon av anlegget.

Det endelege fredingsvedtaket vert gjort av Riksantikvaren, etter offentleg høyring og politisk handsaming i Stryn kommunestyre og hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane.

– Vi er opptekne av å ha ein god dialog med eigar og andre partar i arbeidet med fredingssaka, og ynskjer så mange innspel som mogleg. I Olden er det eit stort engasjement for Singerheimen, og vi planlegg difor eit ope informasjonsmøte i løpet av hausten, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut