Sprudlande turbilete vann fotokonkurranse i fylket

Vinnaren av Fotokonkurranse SFJ vart Ragnhild Urtegård Haugen frå Stryn, med eit bilete fullt av godt turhumør. Fotokonkurransen på nett ville vise kva vi driv med på fritida vår i Sogn og Fjordane.

I alt 106 bilete kom inn til konkurransen, som vart skipa av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vinnarbiletet viser tre jenter på tur til Lodalskåpa. Andre premie gjekk til Atle Grov med ein «selfie»: eit bilete av kompisar på traktor i Jostedalen. Det vart ein vanskeleg jobb for juryen å plukke ut dei to vinnarane blant mange gode bidrag, som synte alt frå hesteriding og skikøyring til badeliv og ATV-køyring.

– Vi er stolte av å presentere to gode vinnarbilete som viser sprudlande og ekte fritidsscener frå fylket vårt. Vi måtte gå fleire rundar i juryen før vi vart einige, det var utruleg kjekt å sjå så mange fine motiv, seier juryformann Ingvild Ramstad, informasjonssjef i fylkeskommunen.

Konkurransen gjekk føre seg på Facebook, og vart administrert av 3mik – 3. klasse på medie- og informasjonsfag ved Sogndal vidaregåande skule. Alle kan sjå bileta på Facebook i den opne gruppa Fotokonkurranse SFJ. Kriteria i konkurransen var at biletet måtte vise aktivitet, gjerne med folk i situasjonen, og vere tatt i Sogn og Fjordane.

– Vi har mange bilete av den flotte naturen i fylket, men manglar foto av folk i aktivitet. Det blir veldig kjekt å ta i bruk desse vinnarbileta, seier Ingvild Ramstad.

Fylkeskommunen vurderer å kjøpe inn fleire av bileta som vart leverte til konkurransen. Juryen la vekt på synleg aktivitet, biletkomposisjon og totalinntrykk då dei vurderte bileta.

Juryen si grunngjeving for 1. premie:

Biletet av tre jenter ved ein varde på ein fjelltopp syner godt aktivitet, og er fint komponert. Det har friske fargar, og vi ser bakgrunnen strekke seg utover. Men biletet syner først og fremst liv og turglede, og vi får god kontakt med personane i motivet – eit bilete du blir i godt humør av!

Vinnar 1. premie, 5000 kr.: Ragnhild Urtegård Haugen, motiv: tre turgåarar framfor varden på fjellet Lodalskåpa.

Juryen si grunngjeving for 2. premie:

Biletet av to kompisar på traktor viser god aktivitet. Biletet har ein modig komposisjon, og juryen opplever det som ei ekte kvardagsscene, både situasjonen og personane i biletet.

Vinnar 2. premie, 3000 kr.: Atle Grov, motiv: to personar på traktor på Grov i Krundalen, Jostedalen.

Finalistar:

Bård Basberg motiv: skikøyring i Geisdalen, Jostedalen.
Nelly Torunn Øygard motiv: vedkløyving i Gaupne
Katrin Moe motiv: skogstur i Hafslo
Iris June Bø Nejse motiv: bading på Hjelle i Oppstryn
Sondre Kjærvik motiv: skitur på Dyrhaugsryggen i Hurrungane
Oddmund Reisæter Haugen motiv: vedstablingskonkurranse i Dale
Torjan Tomsson motiv: ATV-tur i Sogndal
Sondre Olav Bø Nesje motiv: skitur i Oppstryn

Jury:

Ingvild Ramstad, informasjonssjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Torgeir Grov, elev, Sogndal vidaregåande skule
Leif Hauge, førsteamanuensis, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Oskar Andersen, fotograf

For meir informasjon

Ingvild Ramstad
e-post: ingvild.ramstad@sfj.no
tlf.: 975 14 466

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut