Spørsmål og svar om fylkeshelseundersøkinga 2019

Er du ein av dei 20 000 i Sogn og Fjordane som har fått SMS eller e-post om fylkeshelseundersøkinga, og lurer på noko? Her finn du svar på ein del spørsmål. Ta kontakt med Anne Lene Normann om det framleis er noko du lurer på. 

Du kan svare på undersøkinga på nynorsk, bokmål eller engelsk, frå ein smarttelefon, eit nettbrett eller ein PC. Alle svar er sjølvsagt anonyme.

Fylkeshelseundersøkingane blir gjennomførte som eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og det enkelte fylke. Det er utarbeidd ein spørjeskjema-mal som i hovudsak blir brukt i alle fylke, men med nokre lokale variasjonar. 

Dei første fylka som gjennomførte undersøking var Vestfold og Agderfylka i 2015. I 2018 gjennomførte Hordaland den første heil-elektroniske undersøkinga med elektronisk innlogging og spørjeskjema på internett. Skjemaet er tilrettelagt for svar både frå mobiltelefon, nettbrett og PC.

I mars 2019 er det klart for fylkeshelseundersøking også i Sogn og Fjordane.

Korleis er deltakarane valde ut?

Deltakarane blir trukke tilfeldig frå Folkeregisteret. Kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) blir brukt for å hente e-post eller mobilnummer. 

Kva skjer med opplysningane i spørjeskjemaet?

Opplysningane som deltakarane gir, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern. Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar.

Resultata vil berre bli publiserte på gruppenivå og aldri på individnivå. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att einskildpersonar i statistikk eller forsking som frå undersøkinga.

Fylkeskommunen/bustadkommunen vil berre motta anonyme datafilar for vidare analysar.    

Det kan bli aktuelt for Folkehelseinstituttet å hente inn opplysningar også frå andre kjelder, slik som opplysningar om hushaldet, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt og helse. Slike data vil då bli henta frå registre i Statistisk sentralbyrå. Føremålet er kvalitetskontroll og framstilling av gode analysar. 

Fylket kan også bruke resultata til forsking, som for eksempel å studere kva betydning inntekt, utdanning eller andre sosiale påverknadsfaktorar har å seie for helseforholda i fylket. 

I starten av spørjeskjemaet står full tekst om samtykke. Sjå spørjeskjema her. 

Kva blir det spurt om i spørjeskjemaet?

Spørsmåla handlar om helse, trivsel og andre forhold som har betydning for folkehelsa. Spørjeskjemaet tar utgangspunkt i folkehelselova som seier at følgjande skal inngå i oversiktsarbeidet i kommunane:

  • Oppvekst- og levekårsforhold: blant anna økonomiske vilkår og forhold som gjeld bustad, arbeid og utdanning, sosial støtte
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø: blant anna nærmiljø og støyplager
  • Skader og ulykker
  • Helserelatert åtferd: fysisk aktivitet, ernæring, bruk av tobakk og rusmiddel
  • Helsetilstand: helse, tannhelse, sjukdom og psykiske plager

Kva er føremålet med fylkeshelseundersøkingar?

Ei fylkeshelseundersøking handlar om helsetilstanden i befolkninga i fylket og faktorar som påverkar folkehelsa.

Resultata skal delast med politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommune slik at kunnskapen kan nyttast i folkehelsearbeidet.

- Det er viktig at mange deltar slik at vi får eit rett bilete av helse og trivsel i befolkninga. Vi håper at så mange som mogleg av dei inviterte fyller ut spørjeskjemaet, seier prosjektleiar Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.

Ifølgje folkehelselova skal kommunane ha oversikt over folkehelsa i kommunen. Fylkeshelseundersøkingane er ein del av dette oversiktsarbeidet. Ein annan viktig del er folkehelseprofilane med statistikk som Folkehelseinstituttet kvart år utarbeider for kommunar, bydelar og fylke.

I folkehelsearbeidet må kommunen og fylkeskommunen vere særleg merksame på utviklingstrekk som kan skape eller vedlikehalde sosiale eller helsemessige problem eller sosiale helseforskjellar.  Derfor inneheld fylkeshelseundersøkingane mange spørsmål rundt levekår, lokalmiljø og oppvekst.

I tillegg til folkehelsearbeidet er det eit mål å bruke opplysningane frå fylkeshelseundersøkingane i forsking.

Får alle kommunar eigen statistikk?

Som tommelfingerregel trengst det minst 400 svarskjema for å lage påliteleg statistikk frå ei spørjeundersøking.

For at små kommunar med færre enn 400 svarskjema skal få statistikk, kan ein slå saman små kommunar til kommunegrupper, såkalla interkommunale regionar når resultatrapporten blir utarbeidd. Kommunane i slike regionar er ofte nabokommunar med liknande befolkningssamansetnad og helsetilstand.

Når ein lagar statistikk for slike interkommunale regionar, vil den gjelde for dei kommunane som inngår i regionen.  

– Når vi får resultata frå fylkeshelseundersøkinga i det enkelte fylket og har gjort dei første analysane, kan vi seie kva for kommunar som får eigen statistikk, og kva for kommunar som får statistikk gjennom interkommunal regionstatistikk, seier Nilsen.

Ei anna årsak til at små kommunar får interkommunal statistikk, er behovet for anonymitet.  I små kommunar aukar risikoen for at enkeltpersonar indirekte kan bli identifiserte når ein set opp tabellar over ulike spørsmål og svar. Ved mange nok svar er det ikkje lenger risiko for at nokon blir kjende att.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378

 

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette