Foto av eit sverd som vart funne i arkeologiske utgravingar i Øvstedalen i Sogndal i 2016. Sverdet er bøygd og knekt i tre delar.
Foto av eit sverd som vart funne i arkeologiske utgravingar i Øvstedalen i Sogndal i 2016. Sverdet er bøygd og knekt i tre delar.

Sverdet som er funne på Vatlestad er bøygd og knekt i tre delar, noko som var del av gravskikken i vikingtida.

Spennande arkeologiske funn

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte arkeologiske registreringar i Øvstedalen i Sogndal hausten 2016. Det resulterte i fleire nye, arkeologiske funn.

Registreringa vart gjennomført i samband med plan for Fardalselvi kraftverk.

Jordbruk og busetjing i bronsealderen

Arkeologane fann omfattande førhistoriske dyrkingsspor i Fardal. Den eldste jordbruksfasen der er datert til 1410–1225 f.Kr, som svarer til eldre bronsealder. Det er ein av dei eldste jordbruksdateringane vi har frå Sogndal.

– Dyrkingsspora i Fardal syner at Øvstedalen har hatt gode føresetnader for tidleg førhistorisk jordbruk, fortel arkeolog Glenn Heine Orkelbog.

Spor etter sjeldan bygning

Lenger oppe i dalen, på Hagen, fann arkeologane restar av ein rund 3x3 meter stor bygning. Bygningen består av seks rette stolpar kring ein sentral eldstad eller ei nedgraving. Bygningen er datert til 785–520 f.Kr, som svarer til yngre bronsealder. Bygningar av denne typen er sjeldne, og det finst fleire tolkingar av kva funksjon dei kan ha hatt.

– Bygningen har truleg ikkje vore nytta som bustad, men kan ha vore ein mindre driftsbygning knytt til eit større tun. Alternativt kan stolpane ha inngått som del av ein gravmarkering, der nedgravinga i midten er sjølve grava, seier Orkelbog.

Sverdfunn på Vatlestad

På Vatlestad fann arkeologane eit 90 cm langt einegga sverd. Sverdet kjem truleg frå ei mannsgrav frå tidleg vikingtid, omlag 800-talet e.Kr. Bladet er bøygd og knekt i tre delar. Det var ein del av gravskikken, som kan ha hatt rituell symbolverdi, men òg ha gjort det mindre attraktivt å plyndre grava.

Frå Øvstedalen kjenner vi til to jernvinneanlegg frå sein vikingtid og tidleg mellomalder. Anlegga syner at jernvinna har vore ein viktig tilleggsnæring i dalen i vikingtida. Vatlestadsverdet kan derfor vere eit godt og kortreist lokalprodukt.

Du kan lese meir om funna i Øvstedalen her:

  • Orkelbog, Glenn Heine (2016) Rapport frå kulturminneregistrering. Fardalselvi kraftverk.
  • Gundersen, Ingar M. (2010) Arkeologiske registreringar i samband med 420 kV kraftlinje «Ørskog-Fardal». Kulturhistorisk publikasjon nr. 3. Del 1.

For meir informasjon

Glenn Heine Orkelbog
Rådgjevar, kulturminnevern
glenn.heine.orkelbog@sfj.no
415 30 612

Foto som syner arkeologisk utgraving i Øvstedalen i Sogndal. VI ser markert i jorda restar etter ein tre ganger tre meter stor bygning med ein sentral eldstad eller nedgraving i midten.
Bygningen arkeologane har funne restar etter i Øvstedalen er datert til yngre bronsealder.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00