Dagsturhytta Stedjestova i Sogndal ein kald og solrik dag. Hytta er trekantforma og har utsikt mot fjella rundt Sogndal, glimt av fjorden og bygda.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogndal: Stedjestova

Dagsturhytta i Sogndal heiter Stedjestova, og ligg 300 moh. på Stedjeåsen. Hytta har utsyn mot sentrum i nord-aust og Storehaugen i sør.

Namnet vart valt etter innspel og ei nettavstemming. 

Tilkomst og parkering

Næraste tilgjengeleg parkering mot parkeringsavgift er ved Stedje kyrkje. 

Stien til hytta

Sør-vestover frå kyrkja og aust for bustadfeltet Stedje startar stien opp til Stedjeåsen. Halvegs til toppen ligg hytta tett på stien på ein avsats i terrenget. Stien følgjer ryggen opp Stedjeåsen, nokre plassar er stien relativt bratt undervegs. Hytta er likevel for dei fleste i normal form godt mogleg og nå. Hytta er plassert slik at den skal vere mogleg å nå for flest mogleg også barnefamiliar.

Avstandar

1 km og 250 høgdemeter. Ein kan rekne med å bruke om lag 30-40 min. i rolig gange. 

Kontaktinformasjon

Eilif Rosnæs, Sogndal kommune. 

E-post: eilif.rosnes@sogndal.kommune.no

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut