Sogn og Fjordane søkjer status som pilotfylke innan universell utforming

Du kan godt lære omgrepet universell utforming først som sist. Det tyder at noko er utforma slik at alle kan bruke det utan å måtte ha hjelp. Sogn og Fjordane fylkeskommune med sine samarbeidspartnarar ønskjer å vere i front på denne utviklinga.

Difor går det no ein søknad til Samferdsledepartementet om å vere med i eit 3-årig pilotprosjekt som heiter ”Pilotfylke – Universell utforming som regional utfordring”. Sogn og Fjordane sin søknad har tittelen ”Universell utforming - transport og folkehelse”. ”Vi ser at dette er noko som kjem som ein del av dei krav som blir stilte både til bygningar, miljø og innan transport, så vi har alt arbeidd med dette i nokre år,” seier prosjektleiar Solfrid Fossberg i fylkesrådmannen sin stab.

Innan tilgrensande emneområde har fylkeskommunen fått til tre spleiselag med Samferdsledepartementet i storleik 1,9 millionar kroner fordelt slik:
Første prosjektet som har fått løyving i 2009, er eit KID- prosjekt ( kollektivtransport i distrikts-Noreg) kalla ”Med avstand som premiss”. Dette er eit samarbeidsprosjekt der Sogn og Fjordane inviterer Nordland og Finnmark fylkeskommunar med for å finne gode og nye universelle transportløysingar i nærmiljøa. Sum midlar er 500 000 kroner fordelt med ein halvpart kvar frå fylkeskommunen og departementet.

Eit anna prosjekt som har fått midlar i inneverande år er ”Designprosjekt Stryn”. Det går ut på å utvikle universelle løysingar og utforme endå betre bussar for alle reisande. Både rullestolbrukarar, blinde eller svaksynte i tillegg til andre med nedsett funksjonsevne i høve transport, skal kunne reise utan å måtte ha hjelp med seg. Totalsummen i dette prosjektet er 400 000 kroner fordelt med ein halvpart frå fylkeskommune og departement.

Det tredje og siste prosjektet som har fått løyving er eit TT-projekt. TT står for tilgjengeleg transport, og var tidlegare kjent som ”dør til dør-transport”. Her søkte fylkeskommunen om 1 million kroner som dei no har fått frå Samferdsledepartementet. Hovudmålet er finne løysingar som aukar mobiliteten til dei funksjonshemma. Midlane skal brukast til å etablere fleire transportar som kan tingast eller som går som nærruter i lokalmiljø. Prosjektet skal strekkje seg over tre år.

Del dette:

Relaterte lenker