8f 6nhqqpj 7
 8f 6nhqqpj 7

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes på generalforsamlinga til CPMR.

Sogn og Fjordane markerte seg på Sicilia

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes fekk inn ei viktig endring om berekraft og det marine i den vidare strategien til lobbyorganisasjonen for perifere og maritime regionar i Europa (CPMR).

Kjelsnes er leiar av marin ressursgruppe i Nordsjøkommisjonen og deltok saman med fleire frå fylkeskommunen på generalforsamlinga til CPMR på Sicilia 17.–18. oktober. Under diskusjonen om den vidare strategien for CPMR, det såkalla Manifesto, tok Kjelsnes til orde for ei endring som betre framheva det marine elementet og trongen for ei berekraftig utvikling.

I overkant av 300 delegatar frå dei ulike regionane som er medlemar av CPMR deltok på generalforsamlinga. Det vart lite interaksjon mellom salen og dei på podiet, men Kjelsnes var ei av dei som tok ordet og foreslo endringar i det opphavlege utkastet.

Det var mykje arbeid i kulissane før Sogn og Fjordane-delegasjonen var trygge på å kunne etterspørje endringar. Fleire frå marin ressursgruppe i Nordsjøkommisjonen var også involverte i arbeidet.

Generalforsamlinga var også eit godt høve til å bygge nettverk med politikarar og administrasjon frå andre perifere marine regionar.

Meir informasjon om CPMR på heimesida til organisasjonen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00