Sogn og Fjordane held fram som trygt lokalsamfunn

– Utnemninga av fylkeskommunen som eit trygt lokalsamfunn i Safe Commuinity-nettverket i 2005 var ein viktig milepæl for oss. På same måte er vi glade for at vi i dag er i posisjon til å bli regodkjent, sa fylkesordførar Nils R. Sandal då fylkeskommunen fornya avtalen med Trygge lokalsamfunn under fylkestinget i Balestrand 7. og 8. juni.

Fylkesordførar Nils R. Sandal og fylkesrådmann Jan Øhlckers signerte den nye avtalen med Trygge lokalsamfunn. Fylkesordføraren overrekte også ein varde – Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt symbol på folkehelsearbeidet – til Solveig Rostøl Bakken frå Trygge lokalsamfunn.

Ein del av folkehelsearbeidet

– Folkehelselova frå 2010 har pålagt oss eit ansvar som vi er opptekne av å oppfylle på ein god måte i heile organisasjonen vår. Trygge lokalsamfunn-modellen og systematikken er ein viktig reiskap for oss på alle utfordringsområda i folkehelsearbeidet, slo fylkesordføraren fast under seremonien på fylkestinget.

Då Sogn og Fjordane vart godkjent som trygt lokalsamfunn i 2005, var det etter ein omfattande søknad. Det er fylket si satsing på folkehelse generelt og arbeidet med å førebygge skade og ulykker spesielt som gjer at Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk denne statusen.

Inviterer til samarbeid med andre fylkeskommunar

Sogn og Fjordane vart som første fylkeskommune i landet utnemnd som eit trygt lokalsamfunn av nettverket Safe Community. Dette er eit nettverk i regi av Verdens helseorganisasjon (WHO). Framleis er fylket det einaste i landet som er godkjend som trygt lokalsamfunn, men fleire andre jobbar no med å verte med i dette nettverket.

– Vi vil gjerne dele våre erfaringar med dei, samtidig som vi vil dra nytte av det arbeidet dei er i gang med. Vi vil difor invitere til eit møte med desse fylka for å få til eit samarbeid på tvers av fylkesgrensene, sa Nils R. Sandal under fylkestinget.

I Sogn og Fjordane er Årdal og Høyanger kommune godkjende som Trygge lokalsamfunn, og fylkeskommunen arbeider med å få med fleire av kommunane i fylket.

Meir om Trygge lokalsamfunn i Sogn og Fjordane

For meir informasjon

Emma Bjørnsen
Fagkoordinator
Telefon: 958 19 841
E-post: emma.bjornsen@sfj.no

Om Trygge lokalsamfunn

Trygge lokalsamfunn er eit WHO-konsept som vektlegg forankring, systematikk, langsiktigheit og samarbeid på tvers av fagområde og organisatoriske skilje som metode i arbeidet for å førebyggje skadar og ulukker. Forsking viser at denne arbeidsmetoden har effekt, og at ulukkesrisikoen for mange aldersgrupper og typar skadar kan reduserast med mellom 25 og 40 prosent dersom ein klarer å mobilisere sentrale instansar, næringsliv og frivillige organisasjonar i tiltaksarbeidet lokalt.

Del dette:

Relaterte lenker