Sogn og Fjordane har dei minst bufaste flyktningane i landet

Berre halvparten av flyktningane som kjem til Sogn og Fjordane bur i den same kommunen fem år etter at dei kom. Det viser ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Av dei 141 flyktningane som vart busette i ein av kommunane i Sogn og Fjordane i 2007, budde berre 53 prosent (75 personar) i den same kommunen 1. januar 2012. 13 prosent av flyktningane hadde flytta til Oslo, medan 29 prosent hadde flytta til andre fylke. Fire prosent hadde flytta til ein annan kommune i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane har dermed dei minst bufaste flyktningane av alle fylka i denne perioden. På dei neste plassane følgjer Troms (61 prosent bufaste) og Oppland (67 prosent bufaste).

– Desse tala viser at vi har eit stort behov for å utvikle strategiar for å få flyktningane til å bli verande. Dei er ein viktig ressurs for fylket vårt, seier Svein Arne Skuggen Hoff, fylkesdirektør for plan og samfunn.

Heile rapporten frå SSB kan du lese på www.ssb.no.

For meir informasjon

Svein Arne Skuggen Hoff
fylkesdirektør
tlf.: 918 88 868
e-post: svein.arne.hoff@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut