Sogn og Fjordane fylkeskommune valde Fjordkraft

Den offentlege anbodsrunden om straumleveranse til fylkeskommunen og 16 kommunar i fylket er avgjort. Kontrakten, med samla verdi på rundt 120 millionar kroner, gjekk til Fjordkraft.

– Vi valde Fjordkraft fordi selskapet hadde lågast pris og det mest attraktive tilbodet for forvaltning av straumforbruket vårt, seier Katrine Røkke Wilson, innkjøpssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

SFE Kraft var tidlegare leverandør, no deltok seks selskap i anbodsrunden.

– Med eit årsforbruk på ca. 120 millionar kilowattimer er dette ein særs stor kunde og vi er veldig nøgde med å ha blitt valt, seier Torkel Rolfseng, direktør for storkundar i Fjordkraft.

Avtalen gjeld for to år med moglegheit for forlenging i inntil 1 +1 år. Årleg verdi av kontrakten er ca. 30 millionar kroner, rekna ut frå dagens straumprisar.

Fjordkraft AS er den nest største straumleverandøren i landet, og sel straum til kundar over heile Norge. Selskapet er ein rein straumleverandør, utan kraftproduksjon og linjenett, og handlar inn strøm frå kraftbørsen på vegne av hushald, offentlege og private verksemder.

Kontaktpersonar

Innkjøpstenesta Sogn og Fjordane fylkeskommune:
Katrine Røkke Wilson innkjøpssjef, tlf. 917 69 150

Fjordkraft:
Kommunikasjonsdirektør Jeanne K. Tjomsland tlf. 957 61 644

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut