Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar nyttårskonsertar

Fredag 7. og laurdag 8. januar gjestar Bergen Filharmoniske Orkester Førde og Sogndal med sin nyttårskonsert. Desse arrangementa er ein del av avtalen orkesteret har med fylkeskommunen og kommunane Førde, Gloppen og Sogndal.

Fredag 7. januar er det nyttårskonsert med Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) i den renoverte storsalen i Førdehuset. Dagen etter er det sogningane som får filharmonisk besøk, når orkesteret spelar i Kulturhuset i Sogndal.

Konserten i Førde vert den ”offisielle” opninga av storsalen etter at den vart ombygd og oppgradert for om lag 30 millionar kroner sist haust. Fylkeskommunen bidrog med 5,2 millionar kroner til oppussinga.

Fire konsertar i året

Saman med kommunane Førde, Gloppen og Sogndal har Sogn og Fjordane fylkeskommune ein avtale med BFO om at dei skal ha til saman fire konsertar i året her i fylket. Avtalen vart sist handsama av hovudutval for kultur i mars, og fylkeskommunen bidreg med 200 000 kroner årleg.

Målet med avtalen er å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane regelmessig tilgang til å oppleve eit av dei beste symfoniorkestera i Europa spele i eige fylke. Avtalen legg i tillegg vekt på at samarbeidet skal bidra til positiv kontakt inn mot skuleverk, kulturskular og musikkmiljø i fylket.

Sist BFO gjesta Sogn og Fjordane, var med ein turné til Sandane i oktober 2010, dei heldt då òg ein ekstrakonsert i Årdal. Planane vidare for avtaleperioden, vert drøfta i møte mellom partane fredag 7. januar.

Del dette:

Relaterte lenker