Sogn og Fjordane fylkeskommune og regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett

Fylkeskommunen sitt budsjett- og økonomiplanarbeid har så langt vore basert på Stortinget sitt vedtak av 18. juni 2014 om kommuneproposisjonen for 2015.

Fylkesrådmannen har no gjort ein første gjennomgang av regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2015. Vi har særleg merka oss følgjande endringar i høve kommuneproposisjonen:

1. Kommuneproposisjonen viste at vi på 5 års sikt ville bli tatt ned 262,5 mill. kr, men at vi samtidig ville få ein tapskompensasjon på 34,8 mill.kr. Det budsjettet regjeringa no legg fram viser at den langsiktige inntektsreduksjonen er auka til 278,8 mill. kr, medan tapskompensasjonen er redusert til 31,5 mill. kr. Det langsiktige nettotapet er såleis auka med 19,6 mill. kr til 247,3 mill. kr.

I tillegg til dette venter vi ein inntektsreduksjon som følgje av mellom anna redusert elevtal. Denne er så langt anslått til ca. 30 mill. kr fram mot 2019.

2. Satsinga på fornying og opprusting av fylkesvegane er auka med samla 70 mill. kr. Av dette får vi om lag 5 mill. kr (7,2 %). Dette vil – isolert sett – gje oss auka inntekter.

3. Investeringsrammene i rentekompensasjonsordninga for fylkesvegar er for oss sett ned frå 139 mill. kr til 116,7 mill. kr årleg. Samstundes aukar den nasjonale investeringsramma frå 2 til 3 mrd. kr. Vår prosentvise del går såleis kraftig ned. I finansutvalet sitt budsjettopplegg er det så langt lagt opp til veginvesteringar under dette nedjusterte nivået. Endringa får såleis ikkje nokon direkte budsjettkonsekvens.

4. Vi får 64,8 mill. kr årleg i kompensasjon (5 år) for pårekna meirutgifter for å imøtekome krava i ei ny tunnelforskrift. Desse midlane må fullt ut må nyttast til dette føremålet. Midlane vil såleis gje oss tryggare tunnelar, men vil ikkje kunne hjelpe oss i høve dei økonomiske utfordringane vi elles har. Tal frå Vegdirektoratet (2013) viser at det vil koste 615 mill. kr å tilpasse tunnelane våre til nemnde forskrift. Vi må difor ha langt meir enn 65 mill. kr årleg (5 år) for å kunne imøtekome denne forskrifta.

5. Under programkategori Distrikts- og regionalpolitikk er det nasjonale nivået redusert med om lag 190 mill. kr. Reduksjonen er delvis grunngjeven i den auka satsinga på fylkesveg. Førebels fordeling viser ein realnedgang på dei regionale utviklingsmidlane (KMD-midlane) til fylket vårt på om lag 3 mill. kr. Vi kjem attende med ei nærare vurdering også for tilgrensande programpostar (mellom anna DAA og breiband).

6. Statsbudsjettet opnar for ein viss realvekst til kulturinstitusjonane i fylket. Dette vil i så fall krevje auka løyvingar også frå kommunane og fylkeskommunen.

Fylkesrådmannen si førebelse vurdering er at budsjett- og økonomiplanarbeidet no vil bli endå meir utfordrande, både på kort (2015) og lang (2019) sikt.

Kontaktpersonar:

Tore Eriksen
Fylkesrådmann
Tlf: 576 56 114/415 30 932
Tore.Eriksen@sfj.no

Eli Nes Killingrød
Økonomisjef, FRM stab
Tlf: 917 10 788
Eli.Nes.Killingrod@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut