Sogn og Fjordane fylkeskommune fornyar seg

Fylkeskommunen fornyar den grafiske profilen sin og legg vekt på å spegle kjenneteikna til fylket, frå hav og fjord til fjell og bre. Det grafiske hovudelementet Storbølgja er formgjeve av trainee i fylkeskommunen Asbjørn Ness.

Den nye grafiske profilen set fylkesvåpenet i sentrum, og skal hjelpe Sogn og Fjordane fylkeskommune å verte meir synleg. Bølgjeforma går att, den symboliserer hav, fjord og vatn, men også holmar, fjell og brear. Profilen gjev fylkeskommunen likt uttrykk i alt frå trykksaker til annonsar, og skal skape attkjenning til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Vi skal vere synlege. Vi kommuniserer betre når vi står fram på ein visuelt god og einskapleg måte, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Storbølgja eit nytt sentralt element

Særtrekka ved fylket vert spegla på ein stilisert og fleirtydig måte, og mange element får også fram samspelet mellom natur og folk. Profilen byggjer på eksisterande grafisk profil, og er ferdigstilt av Asbjørn Ness frå Sogndal. Han har formgjeve det nye hovudelementet Storbølgja.

– Formålet med Storbølgja er å ha eit attkjenneleg element som kan nyttast på tvers av profilmaterialet vårt. Ei mindre bølgje har lenge vore eit sentralt element i profilen, og vi har valt å byggje på dette. Profilen er blitt lettare i uttrykket og terskelen for intern bruk er lågare, seier Ness.

Han er trainee i informasjonstenesta i fylkeskommunen, og er utdanna medievitar ved NTNU i Trondheim.

– Vi vonar det no vert endå lettare å kjenne oss att i informasjonsmylderet. Vi gler oss til å ta dei nye uttrykka i bruk i kontakten med innbyggjarane i fylket, seier informasjonssjef Ingvild Ramstad.

For meir informasjon, ta kontakt med

Asbjørn Ness
Trainee, informasjonstenesta
Telefon: 57 65 62 77
E-post: asbjorn.ness@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker