Idrettsanlegg med ballbinge og utsikt mot fjord og skog.
Idrettsanlegg med ballbinge og utsikt mot fjord og skog.

Foto: Atle Skrede/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsrekord til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i fylket

Då søknadsfristen for spelemidlar gjekk ut 15. januar 2019 hadde Sogn og Fjordane fylkeskommune fått inn 284 søknader til ein samla søknadssum på 373 millionar kroner frå alle kommunane i fylket.

Tilsvarande tal for 2018 var 294 søknader og 237 millionar i søknadssum. På tre år er søknadssummen fordobla. Samla investeringsverdi for alle anlegga er ca. 1,5 milliardar kroner.

Samarbeidar over grenser

Særskilt for årets søknader er å nemne etablering av nye fotballhallar, basseng, turnhallar og idrettshallar i heile fylket. Fleire av kommunane som skal slå seg saman, har fått godkjenning for å etablere interkommunale anlegg som gjev meir i tilskot.

– Dette har vi i fleire år oppmoda kommunane om å etablere anlegg på tvers av kommunegrensene, og no får vi faktisk seks slike anlegg i fylket. Dette er høgt tal og viser ar kommunane har etablert samarbeid om fleire store kostnadskrevjande anlegg. Dette er smart for å oppretthalde eit stabilt driftsopplegg rundt anlegga, seier Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett i fylkeskommunen.

Fylkesutvalet fordeler midlane i juni

Fylkeskommunen skal behandle alle søknader innan 15. mars og sender desse til vurdering hos Kulturdepartementet som fordeler overskotet av pengespela til Norsk Tipping AS.

Innan 1. mai vil fylkeskommunen vite kor mykje pengar fylkeskommunen får til fordeling i hovudutval for næring kultur i starten av juni. Høg søknadssum, anleggsdeking og innbyggartal er kriterium som vert lagde til grunn for tildeling. Førde kommune har sett ny rekord som kommune med 56 millionar.

Oversyn over søknadssum per kommune

Kommune

Førebelse søknadssummar pr. 15.01.2018

Førebelse søknadssummar pr. 15.01.2019

Gloppen

33 160 000

35 093 000

Luster

23 404 000

18 620 000

Eid

22 891 000

22 251 894

Flora

22 416 000

33 060 000

Sogndal

21 539 000

21 484 000

Aurland

21 150 000

22 713 000

Hyllestad

15 679 000

15 832 000

Førde

12 936 000

55 912 345

Vågsøy

9 954 000

50 565 000

Naustdal

7 375 000

7 667 000

Stryn

6 632 000

17 421 000

Gaular

5 286 000

11 361 286

Bremanger

4 327 000

1 131 000

Askvoll

4 157 000

2 816 000

Jølster

3 993 000

25 611 000

Årdal

3 654 000

3 666 000

Solund

3 539 000

1 143 000

Balestrand

3 150 000

1 491 000

Fjaler

2 905 000

9 527 000

Gulen

2 654 000

3 997 000

Vik

2 259 000

1 769 000

Høyanger

1 981 000

3 254 000

Leikanger

1 967 000

378 000

Lærdal

1 459 000

2 408 000

Hornindal

1 300 000

804 000

Selje

1 245 000

2 551 000

Totalt

242 000 0000

373 000 000

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00