Foto frå inne i ein fotballhall.

Foto: Ezzex/Wikipedia.org

Søknadsrekord om spelemidlar – igjen

Fylkeskommunen har i år godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 364 millionar, noko som betyr ny rekord for fylket i år igjen. Det har vore nærast ei dobling i søknadssum dei tre siste åra.

Det er eit stort engasjement blant innbyggjarane i fylket for å både etablere og rehabilitere anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Kommunar og frivillige lag og organisasjonar legg ned ein betydeleg innsats både i planlegginga og i etableringa av anlegg.

Ser resultat av målretta arbeid

– Fylkeskommunen har jobba målretta for å auke engasjementet og kompetansen knytt til spelemidlane og idrettsanlegg blant innbyggjarane i Sogn og Fjordane dei siste åra. Det er gledeleg å sjå at dette nyttar, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, Atle Skrede.

I 2016 vart det godkjent søknadar om 189 millionar kroner.

Hallsatsing

Bakgrunnen for den høge auken i søknadssum er etablering av fleirbrukshallar, symjehallar, fotballhallar og turnhallar fleire stadar i fylket. Fleire av hallane har i tillegg fått status som interkommunale anlegg, noko som gjev 30 prosent meir i tilskot.

Vi ser også ei stor satsing på anlegg for friluftsliv, spesielt turvegar og dagsturhyttene. Blant kommunane er det Førde som har den høgaste godkjende søknadssummen med 51,7 millionar.

Tildeling i juni

Med årets auke i søknadssum kan ventetida for tildeling av spelemidlar auke. Per i dag er ventetida i gjennomsnitt 3,8 år. Søknadssum, anleggsdekning og innbyggartal er kriterium som vert lagt til grunn i fordelinga frå Kulturdepartementet.

Det er departementet som seinare i vår avgjer kor mykje pengar Sogn og Fjordane får. Hovudutval for næring og kultur fordeler så Sogn og Fjordane-summen 18. juni.

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar fysisk aktivitet
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut