bussar med bussprofilen til fylkeskommunen. Foto: Frode Romarheim
bussar med bussprofilen til fylkeskommunen. Foto: Frode Romarheim

Foto: Frode Romarheim

Søknad om skuleskyss

Bur du meir enn 6 km frå skulen skal du søkje om skuleskyss på Vigo innan 3. august.

Alle elevar, både nye og gamle, skal kvart år søkje om skuleskyss dersom avstanden mellom heim og skule er 6 km eller meir. Du som allereie har fått skuleskysskort i vidaregåande skal bruke dette til hausten, men du må likevel søkje om skuleskyss.  

Vi ønskjer at du loggar deg inn på www.Vigo.no og svarer Ja på spørsmålet om skuleskyss. Dette kan du gjere fram til svarfrist på første inntak 14. juli og til svarfrist på andre inntak 3. august. Du kan også fylle ut søknadsskjemaet (fyll ut med nøyaktig adresse) og enten sende det til skuleskyss@sfj.no eller levere det på skulen. Frå 4. august kan du berre nytte søknadsskjemaet.

Dersom du er i tvil om avstanden er 6 km, kan du måle avstanden på www.fylkesatlas.no

Klikk på denne knappen wjwAAAABJRU 5ErkJggg==  Skriv inn gateadresse, ev. kommunenr/gardsnummer/bruksnummer, og skriv inn namnet på haldeplassen nær skulen og hent vegskildring.

 

Skuleskyssreglementet finn du på www.kringom.no

Søknadsskjema PDF document ODT document dersom du søkjer etter 3. august.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no